Sjå børstabell for Nordvestlandet under
Atlantic Sapphire treng tilførsel av meir kapital for å finansiere drifta i 2025 og vidare.
Det skriv styret i årsrapporten for 2024 som blei offentleg etter børsen stengte onsdag.
Selskapet har hovudkontoradresse i Vestnes, men har all verksemd i USA der selskapet driv landbasert lakseoppdrett ved Miami i Florida. No planlegg selskapet ei ny kapitalinnhenting i år, ifølgje ei børsmelding.
Nytt milliardunderskot
I ei oppdatering tidlegare i år melde Atlantic Sapphire at selskapet er på rett veg både når det gjeld kvalitet og pris på fisken.
Men som rekneskapen viser, er selskapet langt unna lønsemd. Fjoråret enda med eit underskot før skatt på 167 millionar dollar - eller kring 1,75 milliardar kroner (sjå tabell under).
For å kome i balanse må selskapet auke produksjonen, noko som har tatt lenger tid enn opphavleg venta. Selskapet er framleis ikkje ferdig med å utvikle og forbetre første byggetrinn - og er på etterskot med andre byggetrinn.
Fall frå lågt nivå
Før børsopning torsdag var aksjekursen til Atlantic Sapphire åtte kroner. Det er ned 56,09 prosent sidan årsskiftet og ned 96,71 prosent samanlikna med for eitt år sidan.
Då handelen starta verka ikkje investorane veldig skremt av nyheitene dei fekk servert frå selskapet.
Etter kring ein times handel torsdag var kursen ned 2,5 prosent. Utover dagen tiltok fallet, men stoppa på 5,45 prosent - og ein kurs på 7,56 kroner.
Det prisar selskapet til drygt 270 millionar kroner.
Hovudkontor i Vestnes
Årsaka til at Atlantic Sapphire har hovudkontoradresse på Nordvestlandet, er at grunnleggarane Johan Andreassen og Bjørn-Vegard Løvik er herifrå.
Dei var lenge storaksjonærar og i leiinga i selskapet, men er no ute etter at ei rekkje kapitalutvidingar vatna eigarandelen deira kraftig ut.
I dag sit Citibank med den største aksjeposten, medan dei norske selskapa Nordlaks Holding og Strawberry Capital (Stordalen-familien) er høvesvis nest største og fjerde største eigar.
| Atlantic Sapphire ASA | ||
| Tal i mill. dollar | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 22,8 | 13,0 |
| Driftsresultat | -163,2 | -126,2 |
| Resultat før skatt | -167,3 | -133,8 |
Børstabell for Nordvestlandet:
| Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
| Arctic Bioscience | kr 4,61 | 4,54 % |
| Atlantic Sapphire | kr 7,56 | -5,45 % |
| Endúr | kr 77,90 | 0,13 % |
| Golden Energy Offshore Services | kr 16,85 | -3,16 % |
| Hav Group | kr 6,74 | -0,59 % |
| Havila Kystruten | kr 1,00 | 5,93 % |
| Havila Shipping | kr 1,23 | -5,77 % |
| Hexagon Composites | kr 19,88 | -5,33 % |
| Hexagon Purus | kr 2,07 | -5,05 % |
| Hofseth Biocare | kr 1,76 | -9,28 % |
| Norva 24 Group* | 36,35 kr | 0,14 % |
| Romsdal Sparebank | kr 121,98 | 0,79 % |
| Salmon Evolution | kr 6,15 | 0,49 % |
| Sparebanken Møre | kr 96,98 | -0,31 % |
| * Kurs i SEK | ||
Publisert: 24.04.2025 08:49
Sist oppdatert: 25.04.2025 16:25






