Gunnar Larsen Hav Group 4 Q 22 skjermbilde
FLEIRE OPPDRAG: Hav Group-sjef Gunnar Larsen.
Nytt

Designoppdrag for Hav Group

Skal teikne og levere utstyr til skip i offshoresegmentet.

08.01.2024

Hav Group er vald som teknologipartnar og nøkkelleverandør for å utvikle eit nytt fartøy innan offshoresegmentet, skriv selskapet i ei børsmelding.

Det betyr at Hav Group både skal stå for designet og levere utstyr til fartøyet.

Administrerande direktør Gunnar Larsen i Hav Group har førebels ikkje høve til å opplyse om det er snakk om eit offshorefartøy til olje- og gassbransjen, eller ei fartøy til vindkraftbransjen.

Den endelege kontrakten med verftet som skal bygge fartøyet er ikkje signert., og Hav Group vil gå ut med meir informasjon om kontrakten etter signering, ifølgje børsmeldinga.

Ordreinngangen til Hav Group i 3. kvartal 2023 var 288 millionar kroner, opp frå 61 millionar i 3. kvartal 2022. Ordreboka ved utgangen av kvartalet var 607 millionar kroner, opp frå 481 millionar kroner etter årets ni første månadar i 2022.

I fjerde kvartal 2023 fekk Hav Group oppdraget med å designe ein brønnbåt for North Salmon Service og ny kontrakt med Scandi Line om ei ladestasjon for ei ferje mellom Tysland og Danmark.

Då Hav Group la fram kvartalsrapporten for 3. kvartal 2023 held selskapet fast på målet om at det nå 1,3 milliardar kroner i årleg driftsinntekt i 2025.

Publisert: 08.01.2024 08:54

Sist oppdatert: 08.01.2024 14:17

Mer om