Badeland i minus
SNART KLART: Den nye badelandet i Herøy har førebels ein prislapp på 236 millionar kroner. I neste månad opnar dørene.
Nytt

Badeland i minus

Badelandet i Herøy går i minus i 2016. Må kutte gjeld for å kome i pluss, meiner styret.

24.02.2015
Går innspurten etter planen opnar Sunnmørsbadet Fosnavåg as dørene for badegjestar i midten av mars, men får neppe den gode starten initiativtakarane såg for seg då planane vart lagt.
I 2016 - det første heile driftsåret for anlegget - reknar styret med at selskapet vil gå med underskot som følgje av den høge lånegjelda.
Styreleiar Bjørn Martin Aasen vil ikkje seie noko om kor stort underskot styret budsjetterer med, men seier det er heilt naudsynt for selskapet å redusere gjelda for å sikre lønsam drift.

Ekstraordnær generalforsamling

I dag, tysdag 24. februar klokka 10, startar ei ekstraordinær generalforsamling i selskapet.
På saklista står mellom anna rapporten frå revisjonselskapet BDO. Rapporten rettar sterk kritikk mot det førre styret, for manglande oppfølgjing av byggeprosessen.
Badelandet ligg an til å koste over 236 millioner kroner, 56 millionar kroner meir enn opphavleg planlagt.

Søkjer om meir

Førstkomande torsdag skal formannskapet i Herøy ta stilling til søknaden frå Sunnmørsbadet Fosnavåg om å auke lånegarantien med 20 millionar kroner, til 65 millionar.
Selskapet må låne meir penger for å få anlegget ferdig, men kan samstundes ikkje drive med overskot med ei slik gjeld.
Målet er å få gjelda ned til 25 millionar kroner sa styreleiar Bjørn Martin Aasen til NETT NO i november 2014.

Ber om støtte

Aasen ser tre moglege kjelder for å skaffe midlar til å redusere gjelda; sponsing og reklameinntekter, tippemidlar og nye tilskot frå midlane Herøy kommune får som kompensasjon for at arbeidsgivaravgifta i kommunen vart auka i 2004.

Hittil har anlegget fått, eller fått tilsagn om, 130 millionar kroner i tilskot frå kompensasjonsmidla. Aasen vil ikkje talfeste kor mykje meir det er aktuelt å søke om, men seier det vil blir søkt om slike tilskot tre år fram i tid.


Publisert: 24.02.2015 09:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:41