- For oss som har hjartet langt inne i dette prosjektet så er dette ein gledens dag, seier ordførar Arnulf Goksøyr i Herøy kommune.
Sunnmørsbadet Fosnavåg har søkt om 30 millionar kroner i tilskot frå midlar Herøy får som kompensasjon for at arbeidsgivaravgifta vart auka i 2004, eit tilskot som er heilt naudsynt for å berge økonomien i prosjektet.
Det er Herøy kommune som til slutt avgjer korleis kompensasjonsmidla skal brukast, men det er Herøy Næringsforum som tilrår korleis fordelinga bør bli, og der var det i dag samrøystes støtte til å gi Sunnmørsbadet Fosnavåg as pengane selskapet ber om, i følgje Goksøyr.
Badelandet er i alvorleg økonomisk knipe allereie før det har opna, og aksjonærane i selskapet - med Herøy kommune i spissen - har sett sin lit til 30 millionar kroner i tilskot frå kompensasjonsmidla Herøy kommune får fordi kommunen fekk auka arbeidsgivaravgift i 2004.
Om kommunen følgjer rådet frå Herøy Næringsforum har badelandet fått i alt 130 millionar i tilskot frå kompenasjonsmidla. (Sjå faktaramme)
Før møtet i Herøy Næringsforum i dag hadde Sunnmørsbadet Fosnavåg as fått førehandstilsagn om 15 millionar kroner i tilskot. Etter styremøtet i Herøy Næringsforum i dag er det klart at Herøy Næringsforum rår til at bådelandet får alle dei 30 millionane det har søkt om.
- Det er vesentleg meir enn 38 millionar, seier Kvalsvik om kva det samla er søkt om.
Kommunen eig 54 prosent av aksjane i Sunnmørsbadet Fosnavåg, Olympic Shipping og Havila 15 prosent kvar, medan resten er fordelt på sanitetskvinnelaget og revmatikarforbundet i kommunen.
Det vil gi pusterom på kort sikt, men er ikke berekraftig på lang sikt. Styret si vurdering er at selskapet må redusere gjelda ned til 25 millionar kroner for å få drifta til å gå rundt.
Som eit plaster på såret fekk Noreg lov å gi kommunar som fekk auka arbeidsgivaravgift eit tilskot. Dette året får Herøy kommune 38 millionar kroner i slike tilskot. Pengane blir først utbetalt neste år.
For 2015 ligg tilskotet an til å krympe til 30 millionar kroner.
Sunnmørsbadet Fosnavåg har søkt om 30 millionar kroner i tilskot frå midlar Herøy får som kompensasjon for at arbeidsgivaravgifta vart auka i 2004, eit tilskot som er heilt naudsynt for å berge økonomien i prosjektet.
Det er Herøy kommune som til slutt avgjer korleis kompensasjonsmidla skal brukast, men det er Herøy Næringsforum som tilrår korleis fordelinga bør bli, og der var det i dag samrøystes støtte til å gi Sunnmørsbadet Fosnavåg as pengane selskapet ber om, i følgje Goksøyr.
Sprengte budsjettet
Det nye badelandet i Herøy ligg an til å koste 236 millionar kroner (før moms), minst 56 millionar kroner meir enn opphavleg planlagt.Badelandet er i alvorleg økonomisk knipe allereie før det har opna, og aksjonærane i selskapet - med Herøy kommune i spissen - har sett sin lit til 30 millionar kroner i tilskot frå kompensasjonsmidla Herøy kommune får fordi kommunen fekk auka arbeidsgivaravgift i 2004.
Om kommunen følgjer rådet frå Herøy Næringsforum har badelandet fått i alt 130 millionar i tilskot frå kompenasjonsmidla. (Sjå faktaramme)
Før møtet i Herøy Næringsforum i dag hadde Sunnmørsbadet Fosnavåg as fått førehandstilsagn om 15 millionar kroner i tilskot. Etter styremøtet i Herøy Næringsforum i dag er det klart at Herøy Næringsforum rår til at bådelandet får alle dei 30 millionane det har søkt om.
Mindre til andre
I alt er det 38 millionar kroner som skal fordelast for 2014. Ifølgje dagleg leiar Geir Idar Kvalsvik i Herøy Næringsforum er det mange som vil ha tilskot.
- Det er vesentleg meir enn 38 millionar, seier Kvalsvik om kva det samla er søkt om.
Kommunen eig 54 prosent av aksjane i Sunnmørsbadet Fosnavåg, Olympic Shipping og Havila 15 prosent kvar, medan resten er fordelt på sanitetskvinnelaget og revmatikarforbundet i kommunen.
Treng meir
Får selskapet dei 30 millionane, og i tillegg får seld unna masse frå bygginga av badelandet, og leigd eller seld deler av arealet i det nye badeanlegget, vil gjelda i selskapet kome ned mot 45 millionar kroner. Det sa styreleiar Bjørn Martin Aasen til NETT NO i førre veke.Det vil gi pusterom på kort sikt, men er ikke berekraftig på lang sikt. Styret si vurdering er at selskapet må redusere gjelda ned til 25 millionar kroner for å få drifta til å gå rundt.
Erstatning for auke
På grunn av den økonomiske samarbeidsavtalen med EU (EØS-avtalen) blei Noreg tvinga til å innføre lik arbeidsgivaravgift i 2004. Herøy var mellom kommunane som dermed ikkje lenger kunne lokke med lågare arbeidsgivaravgift enn naboane.Som eit plaster på såret fekk Noreg lov å gi kommunar som fekk auka arbeidsgivaravgift eit tilskot. Dette året får Herøy kommune 38 millionar kroner i slike tilskot. Pengane blir først utbetalt neste år.
For 2015 ligg tilskotet an til å krympe til 30 millionar kroner.
For oss som har hjartet langt inne i dette prosjektet så er dette ein gledens dag
Publisert: 11.11.2014 15:16
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:38