Badeland ja i Heroey
TILSKOT: Herøy Næringsforum rår til at det nye badelandet i kommunen får tilskotet det ber om. Her frå byggearbeidet i sommar. Planen er å opne neste år. 
Nytt

Badeland-ja i Herøy

Herøy Næringsforum seier ja til å gi badelandet den støtta det ber om.

11.11.2014
- For oss som har hjartet langt inne i dette prosjektet så er dette ein gledens dag, seier ordførar Arnulf Goksøyr i Herøy kommune.
Sunnmørsbadet Fosnavåg har søkt om 30 millionar kroner i tilskot frå midlar Herøy får som kompensasjon for at arbeidsgivaravgifta vart auka i 2004, eit tilskot som er heilt naudsynt for å berge økonomien i prosjektet.
Det er Herøy kommune som til slutt avgjer korleis kompensasjonsmidla skal brukast, men det er Herøy Næringsforum som tilrår korleis fordelinga bør bli, og der var det i dag samrøystes støtte til å gi Sunnmørsbadet Fosnavåg as pengane selskapet ber om, i følgje Goksøyr.

Sprengte budsjettet

Det nye badelandet i Herøy ligg an til å koste 236 millionar kroner (før moms), minst 56 millionar kroner meir enn opphavleg planlagt.

Badelandet er i alvorleg økonomisk knipe allereie før det har opna, og aksjonærane i selskapet - med Herøy kommune i spissen - har sett sin lit til 30 millionar kroner i tilskot frå kompensasjonsmidla Herøy kommune får fordi kommunen fekk auka arbeidsgivaravgift i 2004.
Om kommunen følgjer rådet frå Herøy Næringsforum har badelandet fått i alt 130 millionar i tilskot frå kompenasjonsmidla. (Sjå faktaramme)
Før møtet i Herøy Næringsforum i dag hadde Sunnmørsbadet Fosnavåg as fått førehandstilsagn om 15 millionar kroner i tilskot. Etter styremøtet i Herøy Næringsforum i dag er det klart at Herøy Næringsforum rår til at bådelandet får alle dei 30 millionane det har søkt om.

Mindre til andre

I alt er det 38 millionar kroner som skal fordelast for 2014. I

følgje dagleg leiar Geir Idar Kvalsvik i Herøy Næringsforum er det mange som vil ha tilskot.
- Det er vesentleg meir enn 38 millionar, seier Kvalsvik om kva det samla er søkt om.
Kommunen eig 54 prosent av aksjane i Sunnmørsbadet Fosnavåg, Olympic Shipping og Havila 15 prosent kvar, medan resten er fordelt på sanitetskvinnelaget og revmatikarforbundet i kommunen.

Treng meir

Får selskapet dei 30 millionane, og i tillegg får seld unna masse frå bygginga av badelandet, og leigd eller seld deler av arealet i det nye badeanlegget, vil gjelda i selskapet kome ned mot 45 millionar kroner. Det sa styreleiar Bjørn Martin Aasen til NETT NO i førre veke.
Det vil gi pusterom på kort sikt, men er ikke berekraftig på lang sikt. Styret si vurdering er at selskapet må redusere gjelda ned til 25 millionar kroner for å få drifta til å gå rundt.

Erstatning for auke

På grunn av den økonomiske samarbeidsavtalen med EU (EØS-avtalen) blei Noreg tvinga til å innføre lik arbeidsgivaravgift i 2004. Herøy var mellom kommunane som dermed ikkje lenger kunne lokke med lågare arbeidsgivaravgift enn naboane.
Som eit plaster på såret fekk Noreg lov å gi kommunar som fekk auka arbeidsgivaravgift eit tilskot. Dette året får Herøy kommune 38 millionar kroner i slike tilskot. Pengane blir først utbetalt neste år.
For 2015 ligg tilskotet an til å krympe til 30 millionar kroner.

For oss som har hjartet langt inne i dette prosjektet så er dette ein gledens dag

Publisert: 11.11.2014 15:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:38