Bakrus på handsprit
Gardsbrenneriet si handspritsatsing slo feil i fjor, men no er det god stemning igjen.
Så langt i år ligg driftsinntektene til Gardsbrenneriet 93 prosent høgare enn på same tid i 2020. Held denne trenden seg vil 2021 ende på rundt 10 millionar kroner i driftsinntekter, sju år etter at selskapet bokførte sal av sine første flasker.
I år skal det dessutan bli overskot, seier dagleg leiar og medeigar Jann Vestby.
Også frå 2019 til 2020 hadde brenneriet ved Sandane i Gloppen god vekst, og låg an til overskot. (artikkelen held fram under tabellen)
Les også
Brenneri og bryggeri på Nordvestlandet | ||||
Tal i mill. kroner | ||||
Driftsinntekt | Res. f. skatt | |||
2020 | 2019 | 2020 | 2019 | |
Gardsbrenneriet as | 5,3 | 3,8 | -0,3 | 0,1 |
Trollbryggeriet as | 3,4 | 3,1 | 0,2 | -0,1 |
Geiranger Bryggeri as | 2,4 | 2,5 | 0,2 | 0,1 |
Brennevinsgrova as | 1,7 | 0,4 | 0,7 | -0,2 |
Tonga Gardsbryggeri as | 1,3 | 1,4 | 0,2 | -0,04 |
Baatbryggeriet as | 0,8 | 1,6 | 0,1 | -0,2 |
Olden Bryggeri as | 0,6 | 0,6 | 0,03 | 0,001 |
Kaab Bryggeri as | 0,2 | -0,1 | ||
Sum | 15,7 | 13,4 | 1,23 | -0,339 |
Feil sprit
Då koronaepidemien kom satsa selskapet også på å produserer handsprit, som desinfeksjonmiddel. Etterspørselen viste seg å ikkje vere så stor som venta, og mange potensielle kundar hadde sikra seg leveransar sjølv om Gardsbrenneriet var på marknaden i april i fjor.
Omlag ein halv million kroner kosta handspritsatsing, og det er forklaringa på underskotet i 2020, seier Vestby.
Vekst i år
No er handspriten historie og veksten held fram.
Til hausten har Gardsbrenneriet fått innpass i alle eller mange av Vinmonopolet sine utsal, med tre nye produkt, ein sider, ein akevitt og ein alkoholfri gløgg, som Vestby håpar skal vere med og auke salet.
Gardsbrenneriet ligg på heimgarden til Vestby sin ektefelle Synnøve Vik Bergstad. Begge er kjemikarar, og då dei flytta til Sandane og tok over garden var dei på jakt etter noko som kunne kombinere kjemikarutdanninga med gardsdrifta.
Løysing blei å lage brennvin, sider og eplemost basert på frukt dyrka på garden og etterkvart også frå andre bønder i området.
Les også
Passerte bryggeria
Populariteten til lokale brenneri kom etter at øl frå lokale bryggeri vart populært, men Gardsbrenneriet passerte allereie i 2019 bryggeria på Nordvestlandet i storleik, og rykkjer ytterlegare frå i år.
Veksttakta er også større enn hos bryggeria for Harald Strømmegjerde sitt selskap, Brennevinsgrova i Sykkylven. Allereie i mai i år hadde han seld meir enn i heile 2020.
Les også
Oppsving for Trollbryggeriet
Det einaste bryggeriet som auka inntektene i fjor var Trollbryggeriet i Liabygda i Stranda, som lagar øl med varemerket Slogen (sjå tabell).
Det er både størst og eldst blant bryggeria, og vaks i koronaåret. Selskapet har distribusjon i heile Sør-Noreg, og stengt grense for svenskehandel for å begense koronasmittespreiing var med på å løfte butikksalet i fjor, seier styreleiar og medeigar Kjartan Lied.
Veksten i ølsalet til Trollbryggeriet er større en reknskapstala fortel. Trollbryggeriet driv og Trollstova, eit selskap og møtelokale i etasjen over bryggeriet. I turistsesongen tek bryggeriet og mot turistar her, men i fjor vart det lite av det.
Inntektstapet for Trollstova var omlag 700.000 kroner anlslår Lied. Auken i ølsalet dekte inn både den inntektssvikten og meire til.
Publisert: 10.07.2021 06:00
Sist oppdatert: 20.08.2021 07:24