Ein statleg fiskekvotebank vil gjere at fiskarane får ein kortare tidshorisont for kor lenge dei disponerer fiskekvotane sine, sa Louise Haahjem - leiar for sjømatavdelinga i Nordea - i sitt innlegg på Fiskebåt sitt årsmøte i dag.
Nordea er ein av dei største utlånarane til norsk fiskerinæring.
Risikoen, både for fiskarar og bankar, vil auke dersom den statlege kvotebanken blir innført. Det vil påverke kor lett det er å finansiere fiskebåtreiarlaga.
- Det vil vere mindre toleevne for svingingar med ei sånn ordning, sa Haahjem.
Dei fleste som heldt innlegg etter at den ferske fiskeriministeren Geir-Sivertsen hadde halde sitt innlegg på årsmøtet var negative til innføring av ein statleg fiskekvotebank. Regjeringa foreslo i fjor ein statleg fiskekvotebank, der staten dreg inn deler av fiskekvoten når fiskarar samlar større kvotar på færre båtar - og leige dei ut igjen. Framlegget er ein del av eit framlegg av ei større ommlegging av regelverket for korleis fiskekvotane blir fordelt og forvalta.
Han svarte også på spørsmål om kven som hadde unnfanga ideen og fiskekvotebank, sidan ingen av regjeringspartia har stått fram og tatt æra for ideen:
- Det er ikkje første gang i historia at eit barn langs kysten har ukjent far, sa Siversten.
Årsmøtet i Fiskebåt startar i dag, tysdag 11 mars klokka 09:00:
Nordea er ein av dei største utlånarane til norsk fiskerinæring.
Risikoen, både for fiskarar og bankar, vil auke dersom den statlege kvotebanken blir innført. Det vil påverke kor lett det er å finansiere fiskebåtreiarlaga.
- Det vil vere mindre toleevne for svingingar med ei sånn ordning, sa Haahjem.
Pressar opp prisen
Med ein kvotebank er Haahjem redd fiskarane vil presse opp prisen for å få leige kvote, seier ho til NETT NO. Det betyr både auka kostnadar kombinerte med ein kortsiktig horisont.Dei fleste som heldt innlegg etter at den ferske fiskeriministeren Geir-Sivertsen hadde halde sitt innlegg på årsmøtet var negative til innføring av ein statleg fiskekvotebank. Regjeringa foreslo i fjor ein statleg fiskekvotebank, der staten dreg inn deler av fiskekvoten når fiskarar samlar større kvotar på færre båtar - og leige dei ut igjen. Framlegget er ein del av eit framlegg av ei større ommlegging av regelverket for korleis fiskekvotane blir fordelt og forvalta.
Forsvara ikkje kvotebank
Fiskeriministeren var nøye med å ikke kommentere regjeringa sitt framlegg om fiskekvotebank, og viste til at framlegget no er til behandling i Stortinget, men forsvar av framlegget om fiskekvotebank var heilt fråverande frå ministeren sin side.Han svarte også på spørsmål om kven som hadde unnfanga ideen og fiskekvotebank, sidan ingen av regjeringspartia har stått fram og tatt æra for ideen:
- Det er ikkje første gang i historia at eit barn langs kysten har ukjent far, sa Siversten.
Årsmøtet i Fiskebåt startar i dag, tysdag 11 mars klokka 09:00:
Det er ikkje første gang i historia at eit barn langs kysten har ukjent far
Publisert: 11.02.2020 13:29
Sist oppdatert: 08.05.2021 20:07






