Green Yard Kleven illustrasjon Marin Teknikk
LOKALE LEVERANSAR: Marin Teknikk i Herøy har teikna det knappe 90 meter lange skipet som er bestilt av det rumenske energiselskapet OMV Petrom S.A. Illustrasjon: Marin Teknikk
Nytt

Kleven-oppdrag til lokale leverandørar

Fleire selskap i regionen får arbeid på nybygget ved Green Yard Kleven.

Marius Rosbach
14.10.2024

Hav Group-selskapet Norwegian Electric Systems (NES) er mellom dei som får oppdrag på nybygget Green Yard Kleven har sikra seg. 

Før helga blei det kjent at verftet i Ulsteinvik skal levere eit nytt skip til eit rumensk energiselskap. Fartøyet er teikna av Marin Teknikk i Herøy, som har jobba med oppdraget i lengre tid

Meir om kontrakten: 

– Ei sann glede
Norwegian Electric Systems har base i Bergen og skal utvikle og levere eit komplett energidesign, eit integrert automasjonssystem og eit brusystem til skipet. 

Første leveranse startar i første kvartal 2025 og sluttleveransane skal skje før skipet skal stå klart i midten av 2026, ifølgje ei børsmelding frå selskapet.

NES-sjef Siv Remøy-Vangen uttaler at det er «ei sann glede» å bli valt som nøkkelleverandør på oppdraget. 

Fleire lokale leverandørar
Ifølgje ei oversikt pressa fekk frå verftet er det allereie planlagt fleire leveransar frå selskap på Nordvestlandet. 

Alle kontraktane er ikkje endeleg klare og fleire kan kome til på eit seinare tidspunkt. 

Etter planen skal Acel levere elektriske installasjonar, Kongsberg Maritime levere system for dynamisk posisjonering og propellar, medan Ulmatec Pyro er oppført som leverandør av system for varmegjenvinning om bord. Også Nogva Motorfabrikk i Søvika er oppført med leveranse på skipet. 

Pon Power og Corvus som begge har folk i arbeid i regionen, skal levere motorar og batterisystem om bord på nybygget. Vestnes Ocean som held til Florø er oppført med innreiingsoppdraget, ifølgje oversikta. 

Då verftet annonserte kontrakten fortalde Green Yard Kleven-sjef Hans Jørgen Fedog at fleire oppdrag for lokale leverandørar ville bli gjort offentleg i tida framover. 

Publisert: 14.10.2024 11:24

Sist oppdatert: 14.10.2024 19:46

Mer om