Bygget husa komfyrfabrikken Grepa i knappe ti år, før eigarane avvikla produksjonen i 2008. Etterpå har det vore eit problemengasjement for banken, men no er den nær ved å kunne sette strek.
Landbruksmaskin-forhandlaren Eiksenteret i Ørsta og banken har skrive intensjonsavtale om sal, skriv Møre-Nytt. Prisen er ikkje opplyst.
Eiksenteret skal bruke ein tredjepart av det 7500 kvadrameter store lokalet og leige ut resten.
Etter 2015 bokførte banken nedskriving på varige driftsmiddel med 27 millionar kroner. Det skuldast ei ny vurdering av eigedomsporteføljen til banken og speglar at banken er blitt meir usikker på eigedomsverdiane etter oljeprisfallet.
Stig Brautaset, som tok over som toppsjef i Sparebank 1 Søre Sunnmøre i sommar, sa i august at han venta at ein av eigedomane skulle bli seld i år. No ser det ut til at han når det målet.
Då tok banken over alle aksjane i Mosflata Næringsbygg for ein symbolsk sum, på vilkår av at kommunen skulle få del i ein eventuell gevinst ved sal.
I fjor haust leigde banken inn Steinar Fossen, tidlegare investeringsdirektør i det statlege investeringsfondet Investinor, i eit prosjekt for å få liv og røre i industribygget som tidlegare husa komfyrprodusenten Grepa i Ørsta. Målet om å lage eit senter for marin og maritim industri blei skrinlagd, men Fossen greidde å auke talet på leigetakarar til ni og leige ut 60 prosent av bygget.
Landbruksmaskin-forhandlaren Eiksenteret i Ørsta og banken har skrive intensjonsavtale om sal, skriv Møre-Nytt. Prisen er ikkje opplyst.
Eiksenteret skal bruke ein tredjepart av det 7500 kvadrameter store lokalet og leige ut resten.
Minus 27 millionar
Grepa-bygget i Ørsta er eit av tre større bygg Sparebank 1 Søre Sunnmøre sit med etter at tidlegare låntakarar ikkje har greidd å betale renter og avdrag. Dei to andre er Hotell Ivar Aasen i Ørsta og kontor- og butikkbygget Ørsta Torg.Etter 2015 bokførte banken nedskriving på varige driftsmiddel med 27 millionar kroner. Det skuldast ei ny vurdering av eigedomsporteføljen til banken og speglar at banken er blitt meir usikker på eigedomsverdiane etter oljeprisfallet.
Stig Brautaset, som tok over som toppsjef i Sparebank 1 Søre Sunnmøre i sommar, sa i august at han venta at ein av eigedomane skulle bli seld i år. No ser det ut til at han når det målet.
Fleire leigetakarar
Banken eig Grepa-bygget gjennom selskapet Mosflata Næringsbygg. Fram til mars 2014 eigde Ørsta kommune 54,55 prosent av selskapet Mosflata Næringsbygg, medan banken eigde resten. Tomta er eigd av kommunen.Då tok banken over alle aksjane i Mosflata Næringsbygg for ein symbolsk sum, på vilkår av at kommunen skulle få del i ein eventuell gevinst ved sal.
I fjor haust leigde banken inn Steinar Fossen, tidlegare investeringsdirektør i det statlege investeringsfondet Investinor, i eit prosjekt for å få liv og røre i industribygget som tidlegare husa komfyrprodusenten Grepa i Ørsta. Målet om å lage eit senter for marin og maritim industri blei skrinlagd, men Fossen greidde å auke talet på leigetakarar til ni og leige ut 60 prosent av bygget.
Publisert: 06.10.2016 08:39
Sist oppdatert: 23.06.2021 12:55