Kommunen og banken stadfestar i ei felles pressemelding at banken bli eineeigar av Mosflata Næringsbygg as, som eig fabrikkhallen som husa komfyrfabrikken Grepa fram til produksjonen vart nedlagt i 2008. Etter nedlegginga har store deler av bygget stått tomt, og forsøk på sal har ikkje lukkast.
Fram til no har banken eigd 45,45 prosent av aksjane og kommunen 54,55 prosent.
No kjøper banken aksjane frå kommunen og blir eineeigar.
Intensjonsavtalen mellom banken og kommunen vart godkjend av formannskapet i Ørsta i går, tysdag 18. mars.
For kommunen har det ikke handla om å hanke inn ein gevinst, men å tette eit tapssluk.
- Dette har vore eit hol som det har rent pengar ut i. Det har heile tida vore noko som har belasta oss på drifta i Ørsta kommune, seier Hovde.
Og selskapet treng meir pengar. Selskapet har hittil leigd tomta bygget står på. Men no har eit overskjøn nettopp sett verdien på sjølve tomta til 4,4 millionar kroner, pengar Mosflata Næringsbygg AS må betale til kommunen, skriv avisa Møre-Nytt.
Kommunen kjøpte tomt og det opphavlege anlegget Grepa-fabrikken hadde i Ørsta sentrum frå eigaren, det finske Helkama-konsernet. Prisen var rundt 29 millionar kroner, og kommunen regulerte tomta for å rydde plass til Amfi-kjøpesenteret som ligg der i dag.
Kommunen var og med å byggje og eige fabrikkhallen på Mosflata rundt to kilometer frå sentrum. Helkama forplikta seg til ein ti-årig leigeavtale, og varsla om nedlegging like før leigeavtalen gjekk ut.
Tidlegare i år vart banken eineeigar av både bygg- og driftselskap i Hotell Ivar Aasen i Ørsta, etter langvarige forhandlingar med den tidlegare kompanjongen Regius Holding.
I eit intevju med NETT NO i januar i år, sa administrerande direktør Solveig Midtbø i Sparebank 1 Søre Sunnmøre at banken sitt langsiktige mål er å selje seg ut av eigedom.
Men ho sa og at banken ikkje vil forhaste seg.
- Det er klart vi kunne selge eigedomar til underpris. Eg trur nok at ein del aktørar ikkje ville synest det var OK, om vi tok så låge prisar, seier Midtbø.
Fram til no har banken eigd 45,45 prosent av aksjane og kommunen 54,55 prosent.
No kjøper banken aksjane frå kommunen og blir eineeigar.
Intensjonsavtalen mellom banken og kommunen vart godkjend av formannskapet i Ørsta i går, tysdag 18. mars.
Tette tapssluk
- Vi snakkar om ein symbolsk sum for aksjane, seier ordførar Rune Hovde i Ørsta.For kommunen har det ikke handla om å hanke inn ein gevinst, men å tette eit tapssluk.
- Dette har vore eit hol som det har rent pengar ut i. Det har heile tida vore noko som har belasta oss på drifta i Ørsta kommune, seier Hovde.
10 millionar tapt
Frå og med 2008 har Mosflata Næringsbygg hatt eit samla underskot på 10 milionar kroner.Og selskapet treng meir pengar. Selskapet har hittil leigd tomta bygget står på. Men no har eit overskjøn nettopp sett verdien på sjølve tomta til 4,4 millionar kroner, pengar Mosflata Næringsbygg AS må betale til kommunen, skriv avisa Møre-Nytt.
Omfattande engasjement
Ørsta kommune har hatt eit langvarig og omfattande engasjement i den tidlegare Grepa-fabrikken.Kommunen kjøpte tomt og det opphavlege anlegget Grepa-fabrikken hadde i Ørsta sentrum frå eigaren, det finske Helkama-konsernet. Prisen var rundt 29 millionar kroner, og kommunen regulerte tomta for å rydde plass til Amfi-kjøpesenteret som ligg der i dag.
Kommunen var og med å byggje og eige fabrikkhallen på Mosflata rundt to kilometer frå sentrum. Helkama forplikta seg til ein ti-årig leigeavtale, og varsla om nedlegging like før leigeavtalen gjekk ut.
Stor på eigedom
Grepabygget er det andre store bygget Sparebank 1 Søre Sunnmøre tek over i Ørsta i år.Tidlegare i år vart banken eineeigar av både bygg- og driftselskap i Hotell Ivar Aasen i Ørsta, etter langvarige forhandlingar med den tidlegare kompanjongen Regius Holding.
I eit intevju med NETT NO i januar i år, sa administrerande direktør Solveig Midtbø i Sparebank 1 Søre Sunnmøre at banken sitt langsiktige mål er å selje seg ut av eigedom.
Men ho sa og at banken ikkje vil forhaste seg.
- Det er klart vi kunne selge eigedomar til underpris. Eg trur nok at ein del aktørar ikkje ville synest det var OK, om vi tok så låge prisar, seier Midtbø.
Dette har vore eit hol som det har rent pengar ut i
Publisert: 19.03.2014 12:24
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:31