Bent martini dåp i herøy foto Ogne
FULLFØRT: Med reparasjonsemisjonen på plass har Havila Kystruten-sjef Bent Martini fått fullført andre del av kapitalutviding som starta med ein retta emisjon i sommar. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Begrensa interesse for Kystruten-emisjon

Fekk berre inn kring ein tredel av potensialet.

26.09.2023

Herøy-reiarlaget Havila Kystruten får inn ny eigenkapital etter emisjon. Men var langt frå å nå målet om 60 millionar.

Etter å ha henta inn 785,7 millionar kroner i ei kapitalutviding retta mot eit utvald gruppe investorar i juli, blei resten av aksjonærane i reiarlaget invitert til å delta i ein såkalla reparasjonsemisjon.

Kursen i reparasjonsemisjonen var den same som i den retta emisjonen, ei krone aksjen.

Fekk inn 22,6 av 60 millionar
Havila Kystruten ville skrive ut inntil 60 millionar nye aksjar i reparasjonsemisjonen, men oppteljinga etter at fristen for å teikne seg var gått ut viser at det aksjonærane teikna seg for berre 22,6 millionar aksjar, ifølgje ei børsmelding tysdag.

Det betyr 22,6 millionar kroner i ny eigenkapital for selskapet.

Kursfall i sommar
Like før kapitalutvidinga i sommar var aksjekursen til Havila Kystruten oppe i over seks kroner aksjen.

20. juli var kursen nede i 1,23 kroner, og 28. juli fall den til 0,99 kroner aksjen.

Då børsen stengte måndag var kursen 1,06 kroner aksjen.

Kapitalutvidinga i sommar var ein del refinansieringa av selskapet, som gjorde at Havila Kystruten kunne fri seg frå banda til sin opphavlege långivar - eit statseigd russisk finansieringsselskap.

Refinanisieringa sikra at Havila Kystruten ikkje lenger var råka av sanksjonane mot Russland etter krigen mot Ukraina og sikra at reiarlaget fekk frigitt og sett i trafikk dei to siste av sine i alt fire skip.

Publisert: 26.09.2023 10:07

Sist oppdatert: 26.09.2023 10:07

Mer om