Som Klima- og miljøverneminsiter sa Sveinung Rotevatn i 2021 at fiskarane hadde god tid til å tilpasse seg stigande CO2-avgifter på diesel, og var optimistisk til utsiktene for å få fram utsleppsfrie eller utsleppsreduserande tiltak.
- Særleg innanfor fiskeria så er det no eit vanvittig trøkk for å få installert batteri blant anna, slik at ein får hybriddrift Det er kjempespennande, då kuttar du både drivstoffkostnadane og klimagassutslepp. Og så skjer det mykje spennande på teknologiutviklingsfronten, slik at vi kan ta i bruk både ammoniakk og hydrogen og billegare batteri og dei løysingane vi treng for å få lav og nullutsleppsteknologien på sjøen. Det må vi lukkast med dei neste åra, sa Rotevatn då Nett No snakka med han på Sjømatkonferansen på Raudeberg ved Måløy i august 2021.
Skuffa over omstillingtempoet
No er den tidlegare statsråden og Stortingtrepresentanten dagleg leiar i miljøstiftinga Bellona - og skuffa over omstillingstempoet.
– Det går i riktig retning, men det går alt for sakte, seier han.
Torsdag 5. mars var han ein av innleiarane på Ocena Summit, Maritimt Forum Nordvest si årlege samling for politikarar, byråkratar og bedriftsleiar.
Der tok han til orde for meir offentleg støtte for å få utvikle alternativ til fossilt drivstoff, og for å ta alternativa i bruk.
Pengane tilbake
– Bellona meiner at CO2-avgifter er eit rett verkemiddel å bruke, men det er sjølvsagt slik at det eit eit spørsmål om innfasingstempo. Og så er det veldig viktig at ein har nok midlar tilgjengleg til at ein kan gjere grøne investeringar i flåten og at pengane kjem tilbake igjen. Det er i alle det som har vore suksessen i andre næringar, seier han til Nett No.
Han vil ikkje binde seg til å for eksempel å innføre eit CO2-fond, der innbetalt avgift blir øyremerka tiltak for å få utsleppa ned, men meiner det uansett må kome meir offentleg støtte.
– Min bodskap her i dag det er at vi må eit verkemiddelapparat som spelar på lag, vi må ha offentleg styresmakter som gir støtte til investeringar i ny grøn teknologi og så er det at vi må samarbeide internasjonalt. Eg fokuserte også på EU-perspektivet at vi må jobbe saman med landa rundt oss. For det som er veldig uheldig er viss vi får veldig ulikt avgiftsnivå i ulike nærliggande land når det gjeld ei mobil næring som den maritime, seier Rotevatn.
Høgre snudde
Fiskebåt, interesseorganisasjonen til uigarane av den havgåande fiskeflåten, har arbeidd for å få fjerna CO2-avgifta for fiskeflåten. Argumenta til Fiskebåt at det ikkje er tilgjenglege alternativ til diesel, og at avgifta er konkurransevridane fordi konkurrerande fiskarne i naboland ikkje har slik avgift.
Før Stortingsvalet i fjor snudde Høgre og vedtok å ville fjerne avgifta. Det gjorde også Krf og dei to partia slo følgje med Frp i sin motstand mot avgifta.
Regjeringspartiet Ap sitt svar på kritikken mot avgifta har vore å auke den offentlege kompensasjonen for den offentlege avgifta.
Publisert: 06.03.2026 09:20
Sist oppdatert: 06.03.2026 09:20






