Exotek3 foto Fuglefjellet 1 vinnarane
UTVIKLINGPROGRAM: Extox var blant dei første deltakarane i Åkp sitt nye vekstprogram. Medgrunnleggar og frontfigur Sigurd Groven tok i 2021 mot Næringsteft-prisen på vegne av selskapet. Foto: Fuglefjellet.
Nytt

Ber kommunane finne vekstbedrifter

Åkp allierer seg med kommunane for å rekruttere til vekstprogram.

05.06.2022

Tidleg i vår lanserte Åkp eit nytt program - Åkp Stepup - for å utvikle og hjelpe fram bedrifter som vil vekse.

No har første kull gjennomført programmet, som blei finansiert av Sparebank1 SMN. Målet er å kome i gang med neste kull rett etter sommarferien.

I første runde har Brennvinsgrova i Sykkylven, Plany i Sande, Aido i Ulstein, Exotek i Stordal, Tomra Konfeksjon i Vestnes og Preaid i Ålesund vore med. Erfaringane frå første runde har vore gode, og opplegget blir langt på veg det same i neste runde, ifølgje Elisabeth Remøy i Åkp.

Kommunar som medspelarar
I førre veke var fleire ordførarar deltakarar på ei investorarrangement i Åkp-regi, der mellom anna næringsutvikling var tema.

Målet er at kommunane skal vere ein medspelar i rekruttering av nye bedrifter til programmet, og at samllingane skal leggast til fleire stadar på Nordvestlandet.

Fire samlingar
Planen for andre runde i programmet er at dei fire samlingane skal leggast til Stranda, Sykkylven, Fjord og til slutt hos Åkp i Ålesund.

På første samling arbeider deltakarane med å kartlegge status for eiga bedrift, marknaden bedrifta arbeider i og andre faktorar som verkar inn på verksemda.

Andre samling handlar om verktøy for korleis bedrifta skal utvikle seg, tredje om kapital og organisasjon. På fjerde samling presentere bedriftene seg for eit panel av mentorar. Det gir mellom anna trening i korleis selskapet skal presentere seg for potensielle investorar i samband med ei eventuell kapitalutviding.

Publisert: 05.06.2022 08:49

Sist oppdatert: 07.06.2022 11:12