Nytt tilbod for å avklare vekstpotensial
Søknadsfristen for det nye programmet til ÅKP går ut tysdag.
No lanserer dei «StepUp», ei samanslåing av dei to tidlegare tilboda StartUp og Vekst. Søknadsfristen er allereie tysdag 26. april
Meir spissa tilbod
Det nye tilbodet er spissa inn mot bedrifter som vil avklare vekstpotensialet.
- Val av marknadssegment, forretningsmodell, men også eventuelle investorspørsmål, er mellom spørsmål programmet skal hjelpe bedrifter med å avklare, fortel Håvar Risnes som leiar arbeidet med vekstprogramma til konsulentselskapet på NMK.
Vil ha to kull før sommaren
Det blir gjort ei vurdering av kven som blir med i programmet. Ambisjonar og potensiale er mellom det som blir vurdert.
Planen er at to kull skal gjennomføre før sommaren.
- I siste samling vert det sett opp «simuleringsrom» der velmeinande mentorer vil gi deg tilbakemelding på statusen din, fortel Robert Voldnes som er ansvarleg for det nye programmet i ÅKP.
Publisert: 25.04.2022 15:03
Sist oppdatert: 25.04.2022 15:14