Hentar pengar for kommersiell lansering
Snart klar for lansering av fiskepumpe.
Herøy-selskapet Flowtru har utvikla ei fiskepumpe som gjer at levande fisk kan transporterast utan å måtte passere fysiske hinder. Det skal redusere skader og dermed spare oppdrettarane for store økonomiske tap.
Pumpeteknologien kan også brukast til andre formål, men i første omgang er det oppdrettsnæringa Flowtru siktar mot.
I 2019 var selskapet ein av finalistane i Sparebanken Møre sin gründerkonkurranse Næringsteft. I 2020 gjekk selskapet inn i ein samarbeidsavtale med utstyrsprodusenten Stranda prolog om å utvikle fiskepumpa vidare.
Venta med kapitalutviding
Innovasjonskontrakten med Stranda Prolog og Innovasjon Norge sikra finansiering av utviklingsarbeidet og den planlagde kapitalutvidinga i 2020 vart lagt på is.
No er utviklingsarbeidet kome så langt at selskapet vil hente inn meir eigenkapital for å finansiere ei kommersiell lansering av pumpa.
10-12 millionar kroner
Målet er å hente inn rundt 10-12 millionar kroner i ny eigenkapital og håpet er at kapitalutvidinga er i boks i løpet av sommaren, seier dagleg leiar og medgrunnleggar Martin Jung Leine til NETT NO.
Flowtru samarbeider med rådgiving- og forvaltningsselskapet Converto om å hente inn ny eigenkapital.
Eigd av grunnleggarane
Før kapitalutviding er dei tre grunnleggarane Roar Stenersen, Martin Jung Leine og Gisle Vinjevoll Thrane største aksjonærar.
Dei etablerte selskapet i 2018 og året etter kom Oshaug Metall i Molde og danske Cavech APS inn på eigarsida.
Forretningsutviklingsprogram
Flowtru har vore med i eit forretningsutviklingsprogram i regi av KLP og investeringsselskapet Cofounder i Trondheim.
Denne veka var det avslutning på programmet med samling i Ålesund, i samarbeid med ÅKP.
Der var fire av dei fem selskapa til stades og presenterte seg for eit panel som gav tilbakemeldingar til selskapa.
Flowtru hadde ikkje høve til å vere med på presentasjonen.
E16/S2 Podium: Kva skjer med det sunnmørske eigarskapet?
Deltakinga kan leie til at Cofounder eller investeringsfondet Cofounder driv for KLP, blir med på eigarsida i eventuelle emisjonar i selskapa.
- No tek vi på oss investorhatten og vurderer case, seier forretningsutviklar Vilde Kvarberg i Cofounder Management.
Tre av dei fem selskapa som var med på programmet har adresse Nordvestlandet. I tillegg til Flowtru er det Dipai i Ålesund og Prodtex i Ulsteinvik/Vanylven.
Publisert: 03.06.2022 10:45
Sist oppdatert: 03.06.2022 10:45