Då Vebjørn Krogsæter blei ønska velkomen opp på scena for å opne Haramskonferansen måndag, innrømte konferansier Anette Bonnevie Wollebæk at det var uvant å ikkje titulere han som ordførar i Haram kommune.
Senterpartipolitikaren er frå årsskiftet varaordførar i samanslåtte Ålesund kommune. Krogsæter erkjente at ikkje alt hadde gått på skinner i samband med overgangen til den nye kommunen. Han fortalte at han var kjent med at det hadde vore reaksjonar frå næringslivet i tida etterpå – mellom anna når der gjaldt høgre gebyr og sakshandsaming.
– Eg oppmodar dei som framleis opplever problem, om å ta direkte kontakt med kommunen, sa han.
Han påpeika at kommunen og næringslivet var best rusta til å saman løyse dei utfordringane som oppstod. Om bedriftene opplevde at det ikkje skjedde, ville Krogsæter som politikar ha beskjed.
– Vi har sett ned det du kan kalle ei mottaksgruppe for næringslivet, der vi er fleire samla frå kommunen som møter bedriftene. Som regel er det ikkje dei store problema, og ofte dreiar det seg om kommunikasjon, seier ho til NETT NO.
Ho er ikkje i tvil om at det vil vere mindre utfordringar i ei overgang, men er like sterk i trua på at dei kunne løysast.
Varaordføraren meiner det er viktig at kommune og næringsliv møtas og snakkar om saker og ting – i staden for at negative erfaringar spreiar seg.
– Vi vil ikkje ha slike dårlege erfaringar som går rundt alle plassar. Kom til kommunen med dei, så skal vi sjå kva som er utfordringa, seier Krogsæter til NETT NO.
Vebjørn Krogsæter la i innlegget sitt vekt på at den nye kommunen skal ha ein tydeleg satsing på innovasjon, og som følgje av det kunne bedriftene også vente ein tydeleg næringspolitikk.
Varaordføraren la ikkje skjul på at det hadde vore lite forsking i offentleg sektor. Han hadde tru på at kommunen både gjennom universitetsby-avtalen med NTNU, og samarbeidet med FN om smartby-lab-en, ville bidra til meir forsking.
Han peika på moglegheitene for . Her er det både store behov i framtida når det offentlege apparatet må ta hand om fleire eldre med færre tilsette – men også store moglegheiter for å verdiskaping for næringslivet.
Krogsæter viste også til prisen Haram kommune fekk frå NHO og KS i fjor, for det gode samspelet mellom det offentlege og næringsliv. Samarbeidet har overlevd både dårlege konjunkturar og skiftande politiske landskap i fleire tiår.
Han håpte bedriftene ville halde fram med å være framoverlente, og vise veg – i staden for å kome diltande etter og klage.
– Har dokke idear til utvikling og innovasjon vil eg gjerne høyre dei, sa Krogsæter.
Meir om konferansen:
Senterpartipolitikaren er frå årsskiftet varaordførar i samanslåtte Ålesund kommune. Krogsæter erkjente at ikkje alt hadde gått på skinner i samband med overgangen til den nye kommunen. Han fortalte at han var kjent med at det hadde vore reaksjonar frå næringslivet i tida etterpå – mellom anna når der gjaldt høgre gebyr og sakshandsaming.
– Eg oppmodar dei som framleis opplever problem, om å ta direkte kontakt med kommunen, sa han.
Han påpeika at kommunen og næringslivet var best rusta til å saman løyse dei utfordringane som oppstod. Om bedriftene opplevde at det ikkje skjedde, ville Krogsæter som politikar ha beskjed.
Mottaksgruppe for næringslivet
Næringssjef Inger Synnøve Remme forsikrar til NETT NO at kommunen er merksame på utfordringane og at dei blir teke tak i.– Vi har sett ned det du kan kalle ei mottaksgruppe for næringslivet, der vi er fleire samla frå kommunen som møter bedriftene. Som regel er det ikkje dei store problema, og ofte dreiar det seg om kommunikasjon, seier ho til NETT NO.
Ho er ikkje i tvil om at det vil vere mindre utfordringar i ei overgang, men er like sterk i trua på at dei kunne løysast.
Varaordføraren meiner det er viktig at kommune og næringsliv møtas og snakkar om saker og ting – i staden for at negative erfaringar spreiar seg.
– Vi vil ikkje ha slike dårlege erfaringar som går rundt alle plassar. Kom til kommunen med dei, så skal vi sjå kva som er utfordringa, seier Krogsæter til NETT NO.
Lova tydeleg næringspolitikk
Tema for årets konferanse er «konkurransekraft i samspel» -- og tar mellom anna for seg samspelet mellom det private og offentlege.Vebjørn Krogsæter la i innlegget sitt vekt på at den nye kommunen skal ha ein tydeleg satsing på innovasjon, og som følgje av det kunne bedriftene også vente ein tydeleg næringspolitikk.
Varaordføraren la ikkje skjul på at det hadde vore lite forsking i offentleg sektor. Han hadde tru på at kommunen både gjennom universitetsby-avtalen med NTNU, og samarbeidet med FN om smartby-lab-en, ville bidra til meir forsking.
Han peika på moglegheitene for . Her er det både store behov i framtida når det offentlege apparatet må ta hand om fleire eldre med færre tilsette – men også store moglegheiter for å verdiskaping for næringslivet.
Les meir:
Ville høyre på idear
Varaordføraren påpeike samtidig at kommunen trengte partnarar både for å skape eit betre næringsliv, men også for å skape gode tenester til innbyggarane.Krogsæter viste også til prisen Haram kommune fekk frå NHO og KS i fjor, for det gode samspelet mellom det offentlege og næringsliv. Samarbeidet har overlevd både dårlege konjunkturar og skiftande politiske landskap i fleire tiår.
Han håpte bedriftene ville halde fram med å være framoverlente, og vise veg – i staden for å kome diltande etter og klage.
– Har dokke idear til utvikling og innovasjon vil eg gjerne høyre dei, sa Krogsæter.
Meir om konferansen:
Vi vil ikkje ha slike dårlege erfaringar som går rundt alle plassar. Kom til kommunen med dei, så skal vi sjå kva som er utfordringa
Publisert: 11.02.2020 12:01
Sist oppdatert: 28.04.2021 08:54






