Bergen Group kuttar skipsbygging Kleven overtek
VOLSTAD MARITIME: Dei to subsea konstruksjonsfartøya vert 127 meter lange og får innreiing for 104 personar.
Nytt

Bergen Group kuttar skipsbygging - Kleven overtek

Kontrakten vart signert seint torsdag kveld. I dag er det kake på dei tilsette ved Myklebust Verft i Gursken.

07.03.2014
Dette er klart etter at Kleven skal utruste og ferdiggjere to subsea konstruksjonsfartøy for Volstad Maritime etter at Bergen Group kuttar i satsinga på skipsbygging.
- For oss passa dette veldig godt. Vi hadde nokre små hol i produksjonen ved Myklebust Verft. Vi hadde alternativ, men no er desse hola uansett tetta, seier konsernsjef Ståle Rasmussen i Kleven.

Bergen Group ut av skipsbygging

Det var fredag at børsnoterte Bergen Group opplyste i ei børsmelding at selskapet selde unna to av dei attverande skipsbyggingsprosjekta for selskapet. Dette som resultat av at selskapet satsar meir på offshorerelatert verksemd, og mindre på skipsbygging.
Kleven stod klar til å ta over dei to prosjekta, som gjeld bygging av to subsea konstruksjonsfartøy til Ålesund-reiarlaget Volstad Maritime.

Signering torsdag kveld

Dei to kontraktane vart opphaveleg inngått mellom Bergen Group og Volstad Maritime i starten av 2012.
Rasmussen opplyser at avtalen mellom Bergen Group og Kleven vart signert i ellevetida torsdag kveld.
- Det har gått relativt kjapt sidan vi først vart kontakta, seier han.

Skrogbygging i Romania

Begge dei to fartøya er no under bygging av Daewoos verft i Romania. Dei vil kome til Myklebust Verft i Gursken for utrusting og ferdiggjering i andre og fjerde kvartal 2014.
Dei to fartøya skal leverast til Ålesund-reiarlaget i desember 2014 og andre kvartal 2015.
Konsernsjef Asle Solheim i Bergen Group poengterer at salet av dei to prosjekta til Kleven ikkje får noen konsekvensar i forhold til den pågåande etablerina av NorYards As der det internasjonale selskapet Calexco S.a.r.l. kjem inn som hovedeigar.

Overtek frå Bergen Fosen

Dei to Volstad Maritime-skipa er av typen ST 259 CD og er teikna av designselskapet Skipsteknisk i Ålesund. Dei er søsterskip til "Grand Canyon" som vart levert frå Bergen Group til Volstad i 2012.
- Det er to store og avanserte fartøy for subsea vedlikehald og konstruksjonsarbeid som no skal leverast frå Myklebust Verft. Vi bygde trålaren "Volstad" til Volstad-familien tilbake i 1988, og vi ser fram til å samarbeide igjen om desse nye prosjekta, seier konsernsjef i Kleven, Ståle Rasmussen.

Interessant

Han vil ikkje seie noko om kontraktssummen.
- Etter at vi fekk sett oss litt inn i prosjektet, fastslo at dette var interessant for oss.
- Vi kjenner skipstypen, vi kjenner Skipsteknisk og vi har hatt Volstad Maritime som kunde før.
- I tillegg er dett den vanlege måten for Myklebust å byggje skip på, ved at skroga vert bygde i utlandet og skipa utrusta ved verftet.

Fleire tilsette

Rasmussen seier at det vert travelt for dei verftstilsette framver.
- Eg ser ikkje vekk frå at vi treng fleire tilsette.
Fartøya vert 127 meter lange og med ei breidde på 25 meter. Dei vil ha innreiing for 104 personar.
Vi kjenner skipstypen, vi kjenner Skipsteknisk og vi har hatt Volstad Maritime som kunde før

Publisert: 07.03.2014 09:44

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:31