– Om vi klarar å halde den «driven» vi har no, synest vi det er passande for vår del, fortel Terje Vadset til NETT NO.
Den tidlegare ordføraren i Skodje snakkar om MT Food som serverer thaimat som «ta-med-mat» i nabolokala til Rema 1000 på Digernes. Han kallar seg logistikk-direktør for bedrifta han starta opp med kona, Matthanee Vadset, for snart tre år sidan.
Arbeidsplass for tre kvinner og ein eksordførar
I tillegg til jobben eksordføraren gjer med reinhald, logistikk og administrasjon, gir serveringsstaden arbeid til tre vaksne kvinner, som elles kunne hatt vanskeleg for å kome i arbeid.
– Kona mi har erfaring frå restaurantdrift i heimlandet Thailand, og dei siste åra i Malaysia. Vi lurte på kva for slags arbeid ho kunne få når ho kom hit, og etter ein tenkepause starta vi opp med og selje Asia-inspirert mat. Vi starta med å selje frå ei vogn på parkeringsplassen her den første tida. Etter at vi flytta under tak ved sidan av daglegvarebutikken i fjor sommar, har vi hatt ei god auke i salet. Det er ingen milliardbutikk, men vi har også klart å få eit hyggeleg overskott, fortel Terje Vadset.
Rekneskapen viser at han ikkje tek munnen for full. Etter å ha omsett for 700.000 i oppstartsåret, steig inntektene til 2,3 millionar kroner - og i fjor enda dei på 3,3 millionar.
– Det har vorte mykje større enn vi tenkte oss, men når vi har sagt A, så måtte vi seie B - og følgje marknaden, seier han vidare.
Difor har han mellom anna vore nøyd til å gi avkall på garasjen heime. Der er det bygd godkjend grovkjøken der dei lagar klar mykje av maten.
Opnar snart den største bilbutikken i regionen
Nokre hundre meter nærare europavegen vert det omsett for betydeleg større summar hos Brages Bil. , vil snart ha den største bilbutikken i regionen nett her.
Konsernleiar Espen Digernes fortel at det ikkje var vanskeleg å velje Digerneset, då dei byrja sjå seg om for alvor etter nye lokale.
– Vi brukte god tid og søkte etter lokale og areal nærare Moa-området. Men då vi innsåg kva for areal vi hadde behov for, var det ikkje anna råd enn Digerneset. Det var berre her vi kunne utvikle oss slik vi ønska, seier han til NETT NO.
Brages Bil har allereie flytta sal og merkeverkstad for BMW og Mini til eit nybygg her, og er arbeidsplassen til kring 60 tilsette. I nabobygget som er under bygging, kjem Toyota og Lexus.
Konsernet omsette i 2017 for meir enn 800 millionar og Espen Digernes seier moglegheita til å bygge opp lager og lage eigne anlegg for kvart merke vart avgjerande. Erfaringa etter nokre veker på Digerneset er god.
– Så langt er det vore veldig positivt. Sjølv om det er lengre frå Ålesund-sida og sentrum enn til Moa, merkar vi ikkje noko til det på besøket til oss. Det bur også etterkvart ganske mange menneske i Skodje og kringliggjande kommunar, som no har fått eit nytt handelssentrum her, seier Digernes.
Får fleire handverksjobbar
Maxbo sin proffbutikk vart det første forretningsbygget ved Digerneset Næringspark, som har vekse fram på ti år.
Dei siste åra har utviklinga skote fart og berre i løpet av det siste året er det kome til ein rekkje nye aktørar som driv med sokalla plasskrevjande verksemd. Til saman er det no 25 bedrifter på plass, eller under etablering her.
Ein av dei som har flytta hit frå Breivika er Fargerike-butikken med tilhøyrande 40 handverkarar i morselskapet Nime AS – tidlegare Nielsen & Mele Malemestrene. For bedrifta som har omsett for nokre og førti millionar dei siste åra, var betre plass eit nøkkelord i valet av Digerneset.
– Her har vi handverkarar, prosjektleiing og kontormedarbeidar som jobbar med utsikt til butikken. Slik kan vi handtere anna arbeid, i tillegg til å ta oss av kundar som kjem inn i butikken, fortel dagleg leiar Jan Helge Nielsen til NETT NO.
Å «berre» drive med fargehandel gir ikkje nok marginar og inntening om ein skal ha kvalitetsvarer, meiner Nielsen. I staden satsar dei meir på proffmarknaden.
– Då er det snakk om pallar med måling, flis og parkett i staden for enkeltpakkar. Vi opplever også synergiar ved at Nime AS no får 30 til 40 prosent fleire servicejobbar til handverkarane, enn vi har hatt tidlegare, seier Nielsen.
Han påpeiker at samlokaliseringa mellom butikk og handverkarar gjer at kunden både får fagleg vegleiing og tilbod på jobben same plass. Moderne logistikk med lager og løfterampe gjer at det er enkelt å få ting rett i bilen for både privat- og proffkundar.
Har trefelts-veg inn i butikken
For nokre veker sidan opna Obs Bygg sin største drive-in-butikk mellom Bergen og Trondheim på Digerneset. Det mest slåande med butikken er at bilar kan køyre inn på ein tre-feltsveg, som går i ein hestesko gjennom lokalet. Assisterande butikksjef Ronny Tverdal kjem frå Breivika-avdelinga nokre mil lengre vest, som held fram i tillegg til den nye avdelinga.
– Eg kjenner att fleire kundar frå Breivika som kjem hit no. Det kan vere av rein nysgjerrigheit, men eg meiner vi gir ei svært god kundeoppleving her med oppvarma trelasthandel, i tillegg til butikken med jernvare og flotte utstillingar, seier han.
Siktar mot proffmarknad
Etter ei litt kaotisk opningshelg med svært mykje besøk , har Tverdal og dei drygt 20 tilsette for alvor teke til på arbeidet med korleis dei skal drifte best mogleg framover.
– Vi har god omsetnad så dette ser lovande ut. No jobbar vi med å få ut breiare sortiment i butikken og no får vi også ein kranbil på plass, slik at vi kan køyre ut varer både til private og bedrifter, seier han.
Også Obs Bygg ønskjer å kapre meir av proffmarknaden med større bedrifter.
– Vi er vande med å handtere mindre proffkundar, men ikkje dei større kundane slik vi gir oss ut på no, seier Tverdal.
Sjølv om det er lengre frå Ålesund-sida og sentrum enn til Moa, merkar vi ikkje noko til det på besøket
Publisert: 07.03.2019 08:49
Sist oppdatert: 08.04.2021 10:42