Herman Alexander Dahl og Finn Arne Egenness Nordea Aqua Nor 2021 foto Ogne
OPTIMISTISK: Analytikarane Herman Aleksander Dahl og Finn-Arne Egeness i Nordea ser ingen ende på veksten for oppdrettsnæringa. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Lysande utsikter for oppdrett

Oppdrettsnæringa har hatt ein lang og samanhengande opptur sidan tidleg på 2000-talet, og den skal halde fram meiner Nordea-analytikarar.

25.08.2021

Herman Aleksander Dahl (aksjeanalytikar) og Finn-Arne Egeness (marknadsanalytikar) i Nordea teiknar eit bilete av ein bransje med lysande utsikter, når dei vurderer oppdrettsbransjen i sitt innlegg på Nordeas oppdrettsseminar under Aqua Nor 2021 i ettermiddag.

Sidan 2003 har etterspørselen etter laks vakse raskare enn tilbodet, seier Egeness.

Ei aukande middelklasse på verdsbasis, større merksemd om sunn mat, marknadsutvikling og produktutvikling har drive etterspørselen opp. Samstundes blir tilbodsveksten bremsa av reguleringar i Noreg for å redusere miljøbelastninga frå oppdrett, av restriksjonar i Canada og kanskje også i Chile, følgje Dahl og Egeness.

Oppdrettsnæringa går på land
Konsekvensen av at etterspørselen stig raskare enn tilbodet er stigande prisar, som har gjort det økonomisk interessant å satse på oppdrett på land.

Men vil det lønne seg med landbasert oppdrett?

- Absolutt. Om ein klarer å produsere laks på 50 kroner per kilo og den kan produserast nær marknaden, seier Dahl.

Han anslår at flyfraktkostnaden frå Noreg er 10-15 kroner per kilo. Det sparer eit landbasert anlegg i utlandet, og vert dermed konkurransedyktig, sjølv om kostnadane med å produsere i sjøen i Noreg er lågare,

Atlantic Sapphire i gang med landbasert produksjon ved Miami i Florida og Salmon Evolution skal slakte sin første laks frå anlegget i Indre Harøy i fjerde kvartal neste år.

Begrensa effekt
Dahl og Egeness meiner etterspørselsauken etter laks vil halde fram, og gjere at framveksten av landbasert oppdrett berre får ein begrensa effekt på selskap som driv oppdrett i sjø.

Det som er ei utfordring er tilgangen på fôr med nok marine feittsyrer. Oppdrettsbransjen kjøper ein stigande andel av verdas fiskeoljeproduksjon, og brukan av vegetabilsk råstoff for å erstatte fiskeolje kan vere på veg mot eit grense for kva som går an, etter Egeness si vurdering.

Publisert: 25.08.2021 14:05

Sist oppdatert: 25.08.2021 13:47

Mer om