Salmon Evolution skisse
OPPSTART: Straks klart for at første smolten skal inn i tankane på Indre Harøy. Skisse: Salmon Evolution
Nytt

Berre veker unna å ha første smolten i tankane

Salmon Evolution er straks klar til å setje ut første smolten i tankane på Indre Harøy.

10.02.2022

I løpet av mars vil første smolten vere på plass, opplyser selskapet i ei børsmelding torsdag i samband med presentasjon av resultat for fjerde kvartal 2021.

Samstundes kan selskapet glede seg over høge lakseprisar. I 2021 var snittprisen 58,40 kroner kiloen, mot 55,40 kroner kiloen året før, og eksportvolumet auka med 13 prosent.

Dette har styrka selskapet i trua på at landbasert oppdrett vil spele ei viktig rolle framover, og der Salmon Evolution har ambisjonar om å spele ei nøkkelrolle.

12 tankar klare
Den første tanken på Indre Harøy vart fylt med sjøvatn i januar. No opplyser selskapet at alle dei 12 store fisketankane i denne fasen er klare for å takast i bruk.

Sjøvatnet vert henta frå to inntaksrør, der det eine hentar vatnet frå 25 meter djupne, det andre frå heile 95 meter.

Ferdig utbygt vil anlegget årleg kunne produsere 15.800 tonn laks. I første fase, som no er i ferd med å verte sluttført, er planen å produsere 7.900 tonn laks årleg.

- Historisk
Konsernsjef Håkon André Berg er optimist.

- 2021 var eit banebrytande år for Salmon Evolution med ein enorm innsats utført av våre tilsette og leverandørar.

- Vi er verkeleg spente når vi no får den første smolten inn i anlegget på Indre Harøy, seier Berg, som karakteriserer dette som historisk.

Selskapet er no verd 2,9 miliardar kroner på børsen. Siste dagane har aksjekursen falle litt etter at Fearnley Securities sette eit kursmål på aksjen på 8,50 kroner, ned frå tidlegare 9 kroner.

Publisert: 10.02.2022 07:32

Sist oppdatert: 10.02.2022 07:43

Mer om