Robotek 2020 gjekk av stabelen ved Ingebrigt Davik-huset i Brattvåg onsdag. Det årlege seminaret rettar seg mot bedrifter som er interessert i nye produksjonsmetodar, men også studentar og andre som vil tileigne seg kunnskap på området.
Med kring 50 personar i salen, var det nokre færre enn i fjor. Samtidig strømma fleire av deltakarane innlegga sine digitalt til salen.
– Vi forsøker å etablere det du kan kalle for ei klynge for 3D-printing og få med oss representantar for bedriftene med i samarbeidet. Det er ei form for misjonering der vi fortel om moglegheitene med denne måten å produsere på, fortel Tande til NETT NO.
Førebels har dei besøkt fem bedrifter og nokre av desse har sagt at dei vil være med. Framover står fleire for tur og Tande fortel at dei gjerne vil ha med 10-12 bedrifter i eit nettverk.
– Det er ei utfordring fordi mange er låst i noverande situasjon. Vi forsøker å få dei til å tenke over korleis dei kan optimalisere produkta sine, eller gjere dei enklare å lage, før dei går til sjølve produksjonen, fortel Tande.
Eit besøk ved bedrifta, der dei går gjennom produksjonen, kan ofte avdekke moglegheiter selskapet sjølv ikkje har sett.
– Eg meiner det passar godt for bedrifter i vår region, der det gjerne er avgrensa volum og skjer mykje forsking- og utvikling.
Tande fortel at utviklinga internasjonalt dei siste åra har gått frå enkle bordmodellar til større produksjon. Robotek vil hjelpe bedriftene til å ta steget frå det han omtalar som «desktop-miljøet», som står for enkle løysingar for 3D-printing, til eit industrielt nivå.
– No er det alvor og business. Og om ikkje bedriftene i regionen her heng med, så trur eg dei vil ha ei kjempeutfordring framover, fortel han.
– Vi skundar oss langsamt, og vil ha med bedriftene på laget. No er vi kome i dit at vi er klare til å ta neste steg. Vi ønsker å vere ein katalysator ved at bedriftene kjem til oss og at vi investerer saman. Kanskje vil nokon starte ein produksjon hos oss i Robotek, og ta produksjonen til bedrifta etter kvart, legg han til.
Med kring 50 personar i salen, var det nokre færre enn i fjor. Samtidig strømma fleire av deltakarane innlegga sine digitalt til salen.
Har besøkt fem bedrifter
Arrangør og dagleg leiar Arne Tande i Robotek fortalde om arbeidet med ein marknadsundersøking dei er i gong med. Målet er å skape ein felles arena for bruk av 3D-printing.– Vi forsøker å etablere det du kan kalle for ei klynge for 3D-printing og få med oss representantar for bedriftene med i samarbeidet. Det er ei form for misjonering der vi fortel om moglegheitene med denne måten å produsere på, fortel Tande til NETT NO.
Førebels har dei besøkt fem bedrifter og nokre av desse har sagt at dei vil være med. Framover står fleire for tur og Tande fortel at dei gjerne vil ha med 10-12 bedrifter i eit nettverk.
– Mange låst i noverande situasjon
Ofte kan ei bedrift ha sett seg ut eit spesifikt produkt dei ønsker å 3D-printe, men Tande anbefaler å starte i ein anna ende. Han påpeiker at det i botnen dreiar seg om å oppnå fordelane ved å ta i bruk ny teknologi.– Det er ei utfordring fordi mange er låst i noverande situasjon. Vi forsøker å få dei til å tenke over korleis dei kan optimalisere produkta sine, eller gjere dei enklare å lage, før dei går til sjølve produksjonen, fortel Tande.
Eit besøk ved bedrifta, der dei går gjennom produksjonen, kan ofte avdekke moglegheiter selskapet sjølv ikkje har sett.
Passar godt for regionen
Mange ser kanskje føre seg at 3D-printing dreiar seg om store serieproduksjonar, men Tande påpeiker at metoden passar vel så godt til mindre volum.– Eg meiner det passar godt for bedrifter i vår region, der det gjerne er avgrensa volum og skjer mykje forsking- og utvikling.
Tande fortel at utviklinga internasjonalt dei siste åra har gått frå enkle bordmodellar til større produksjon. Robotek vil hjelpe bedriftene til å ta steget frå det han omtalar som «desktop-miljøet», som står for enkle løysingar for 3D-printing, til eit industrielt nivå.
– No er det alvor og business. Og om ikkje bedriftene i regionen her heng med, så trur eg dei vil ha ei kjempeutfordring framover, fortel han.
– Ønsker å vere ein katalysator
Robotek AS , men Tande påpeiker at dei er gjeldfrie og har utvida verksemda. Dei er no fire tilsette og fjoråret blei brukt til å utvikle eigen kompetanse.– Vi skundar oss langsamt, og vil ha med bedriftene på laget. No er vi kome i dit at vi er klare til å ta neste steg. Vi ønsker å vere ein katalysator ved at bedriftene kjem til oss og at vi investerer saman. Kanskje vil nokon starte ein produksjon hos oss i Robotek, og ta produksjonen til bedrifta etter kvart, legg han til.
Les også:
Eg meiner det passar godt for bedrifter i vår region, der det gjerne er avgrensa volum og skjer mykje forsking- og utvikling
Publisert: 29.10.2020 05:55
Sist oppdatert: 16.03.2021 20:10