Klyngekonferansen 2022 foto Marius Rosbach 11
KONKURRANSEKRAFT: Konkurransekraft er stikkord for den maritime klyngekonferansen onsdag 17. september. Der bør korleis verfta kan kome opp på same lønsemd som resten av den maritime klynga vere ein del av diskusjonen. Arkivfoto: Marius Rosbach
Analyser

Alt normalt i maritim bransje

Maritime utstyrsprodusentar gjorde det godt i fjor. Det gjorde også reiararane og skipsdesignarane. Men verfta burde gjort det betre.

07.09.2025

Analyse/Nett No-barometeret

Her er eit talrekkje som har vore typisk for den maritime klynga på Nordvestlandet ofte: 16,3 - 9,4 - 8,2 - 2,4.

Talrekkja viser resultatmarginen i 2024 til høvesvis skipsreiarane, maritime utstyrsprodusentar, skipsdesignarar og skipsverfta. Resultatmarginen er resultat før skatt i prosent av driftsinntektene, og er ein målestokk for lønsemda til bedriftene. 

Medan lønsemda til dei tre første gruppene kan karakteriserast som god, og i det minste grei, er det ikke tilfelle for skipsverfta.

Verfta har rett nok ein markert resultatframgang dei siste år. Samla sett gjekk dei frå underskot i 2022 til overskot i 2023, mellom anna på grunna resultatforbetringar til det største selskapet Vard - med sine tre verft på Nordvestlandet. 

I fjor auka lønsemda til verfta ytterlegare. Men ein resultatmargin på 2,4 prosent i gjennomsnitt står ikkje i stil med den store kapitalen som er bunden opp i skipsbyggingskontraktane, og risikoen verfta tek.

Dermed er lite rom for feil, og byggeprosjekt som ikkje går som planlagt, svir i rekneskapen. 

Nett No har også tidlegare skrive om paradokset med den låge lønsemda til skipsverfta samanlikna med dei andre aktørane i den maritime klynga.

- Vi har hatt ein draum veldig lenge om at utstyrsleverandørane går saman med verfta om å inngå kontraktar, sa dåverande bransjesjef for maritim industri, Lars Gørvell-Dahll, i Norsk Industri i eit arrangement i Ålesund i november 2020.

Gørvell-Dahll uttalte seg i samband med at Norsk Industri presenterte ei bransjeundersøkjing av utstyrsleverandørane, deri eit fleirtal svarte at dagens skipsbyggingskontrakter gir verfta for stor del av ansvaret for at skipa blir bygd som dei skal, både når det gjeld kvalitet og kostnadar.

Debatten som Gørvell-Dahll la opp til, synest å ha stilna i takt med at det byrja å gå betre for verfta.

Det er ikkje sikkert løysinga ligg der han skisserte heller, men utfordringa er uansett at skipsverfta burde ligge på ei høgare lønsemd enn i dag. Dagens normalsituasjon er ikkje god nok, og det er eit problem for heile klynga. Både fordi verfta er ein viktig kunde og leverandør, men og for mangfaldet i miljøet. 

Programmet til den årlege konferansen til klyngeorganisasjonen GCE Blue Maritime onsdag 17. september tyder på at spørsmålet kjem opp der. Der er konkurransekrafta til maritim klynge hovudtema.

I år har Nett No presentert 2024-resultat for både skipsdesignarane, reiarane og verfta. I denne artikkelen har vi også resultattabellen for den fjerde viktige gruppa i den maritime klynga på Nordvestlandet, maritim utstyrsindustri.

  • Sjå resultatoversikt for  maritim utstyrsindustri under saka

I tabellen er det berre eitt selskap med underskot,  mot tre året før. Og berre fire av selskapa hadde ein resultatmargin under gjennomsnittet for skipsverfta i fjor. Åtte selskap hadde ein resultatmargin på over 10 prosent

Oversikta omfattar Kongsberg Maritime, som har ein del av verksemda si på Nordvestlandet. Selskapet oppgir ikke lenger tal for verksemda på Nordvestlandet isolert.

Oversikta manglar også tal for styremaskin- og rorprodusenten Neuver Maritime, som er skilt ut av Kongsberg Maritime, og etablert som eige selskap i 2025. Selskapet anslår at inntektene til dagens selskap ville utgjort omlag ein milliard kroner i 2024. 

Maritime utstyrsleverandørar     
Tal i mill. Kroner     
 DriftsinntektRes. f. skatt Res.f.skatt i prosent av driftsinntekt
 20242023202420232024
      
Kongsberg Maritime as14830,511882,61419,31147,79,6 %
Vard Electro2617,31806,9134,8178,55,2 %
Brunvoll Holding as (konsern)1860,81438,3221,0156,311,9 %
Sperre Compressors Holding as (konsern)763,7618,5107,941,614,1 %
Ulstein Marine Technology as (konsern)705,3504,633,724,24,8 %
Jets Vacuum660,5602,4131,5156,219,9 %
Nogva Motorfabrikk as (konsern)656,7551,276,868,611,7 %
Bauta Martitime as430,4267,439,111,19,1 %
Entec Evotech374,0349,411,110,53,0 %
Libra-Plast253,8218,438,419,615,1 %
Hareid Elektriske Teknikk as240,5188,123,213,89,6 %
Bauta Construction as183,082,519,49,010,6 %
West Mekan Produksjon as128,8100,514,17,010,9 %
Oshaug Metall as114,989,02,3-5,72,0 %
Ulstein Elektro Installasjon as114,224,5-7,9-2,7-6,9 %
Nyborg as108,184,66,82,76,3 %
Ulstein Power & Control as105,5119,29,59,39,0 %
Northern Island Technology as104,983,54,60,94,4 %
Hydroniq Coolers as92,972,42,98,83,1 %
Finnøy Gear & Propeller as91,089,11,6-3,21,8 %
Sykkylven Stål72,567,81,20,31,7 %
Midsund Industriservice as72,257,19,811,913,6 %
Bauta Elektro as32,452,82,21,86,8 %
Neuver Maritime as*     
      
SUM24613,919350,82303,31868,29,4 %
      
*Neuver Maritime er skilt ut av Kongsberg Maritime, og etablert som eige selskap i 2025. Selskapet anslår at inntektene til dagens selskap ville utgjort omlag ein milliard kroner i 2024.     

Publisert: 07.09.2025 05:00

Sist oppdatert: 10.11.2025 18:06

Mer om