Vard Søviknes foto Ogne
AUKE: Både Fincantieri og datterselskapet Vard aukar inntektene. For Vard dreg vindskipmarknaden opp og Fincantierei spår vidare vekst også i cruisemarknaden. Arkivfoto frå Vard Søviknes: Ogne Øyehaug
Nytt

Betre for Vard

Auka inntekter og betre lønsemd for Vard-eigar Fincantieri.

12.11.2021

Det italienske skipsbyggingskonsernet Fincantieri eig Vard, som eig verft i Tomrefjord, Brattvåg og i Søvika og i Romania, Brasil og Vietnam.

Den delen av Vard-konsernet som ikkje omfattar bygging av cruisefartøy er samla i forretningsområdet Offshore og spesialskip.

I årets ni første månadar i 2020 var driftsresultatet før av-og nedskrivingar null for forretningsområdet. I årets ni første månadar er driftsresultatet seks millionar Euro (sjå tabell) etter en vekst i driftsinntektene på over 15 prosent.

Lønsam omlegging
I dei ni første månadane har ordreinngangen dobla seg til forretningsområde offshore og spesialskip

Resultatutviklinga er ein konsekvensen av ei vellukka omlegging til å bygge skip som gir betre lønsemd skriv Fincantieri i kvartalsrapporten pr. 3. kvartal 2021.

Forretningsområdet offshore og spesialskip har åtte fartøy under bygging eller i bestilling.

Den andre verksemda i Vard, bygging av mindre cruiseskip, er samla i forretningsområdet Skipsbygging, som mellom anna også omfattar Fincantieri sine større verft i heimlandet Italia.

Betra lønsemd
Den organiseringa gjer at det kvartalsrapporten ikkje gir ein godt bilete av korleis det går i den delen av Vard, men tala i rapporten tyder på betra lønsemd også der (sjå tabell).

Fincantieri byggjer både cruiseskip og militære farty. Cruiseskip sto for 67 prosent av driftsinntektene til forretningsområdet Skipsbygging pr. 3. kvartal 2021.

Milliardminus
Berre når Vard Group offentlegjer årsrapporten til selskapet er det råd å få full innsikt i det økonomiske resultatet til Vard Group.

I 2020 vart det milliardunderskot og minustal for sjuande år på rad.

Vard Group har gått med tilsaman 8,9 milliardar kroner i underskot før skatt frå og med 2014.

Fincantieri (konsern)
Pr. 3. kvartal. I mill. Euro20212020
Driftsinntekter47713534
Driftsresultat før av- og nedskriving330200
Forretningsområde skipsbygging
Pr. 3. kvartal. I mill. Euro20212020
Driftsinntekter42243104
Driftresultat før av- og nedskriving303191
Forretningsområde offshore og spesialskip
Pr. kvartal. I mill. Euro20212020
Driftsinntekter313271
Driftsresultat før av - og nedskriving60

Publisert: 12.11.2021 06:00

Sist oppdatert: 12.11.2021 00:12