Halvard Rydland Supply chaim manager Equinor foto Ogne
ROADSHOW: Halvard Rydland i Equinor er ein av deltakarane på selskapet sin turne for å kartlegge og rekruttere potensielle leverandørar til Equinor sine planlagte vindkraftutbyggingar til havs. Equinor er ute etter effektiv serieproduksjon, seier han. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Klynga har størst tru på havvind

Havvind-marknaden seglar opp som favoritt hos dei maritime bedriftene. Møtte Equinor på friarferd i Ålesund.

13.09.2022

Innan tre til fem år vil havvind-marknaden bli den viktigast, trur bedriftene i den maritime klynga på Nordvestlandet.

Dei maritime bedriftene sine store forventningar til havvindmarknaden kjem fram i den årlige klyngeanalysen av maritim bransje.

I årets analyse, som skal presenterast på den årlege klyngekonferansen torsdag 22. september, svarar bedriftene at havvind vil vere den viktigaste marknaden for dei innan tre til fem år, fortel dagleg leiar Daniel Garden i klyngeorganisasjonen GCE Blue Maritime.

På andreplass kjem havbruksnæringa.

Oljebransjen var hovudmotoren for aktiviteten i den maritime klynga på Nordvestlandet, men har tapt terreng etter oljeprisfallet i 2014 og krisa for offshorereiarlaga som kom etterpå.

Toget går
Garden fortel om skiftet i den maritime klynga i samband med at olje- og energiselskapet Equinor vitjar NMK i Ålesund måndag, som ein del av ein turne langs heile kysten for å kartlegge og rekruttere potensielle leverandørar til Equinor sine planlagte vindkraftutbyggingar til havs.

Equinor håpar vinne retten til å bygge ut flytande vindkraftanlegg utanfor Utsira og vindkraftanlegg som står på havbotnen lang sør i Nordsjøen.

I beste fall kan det blir straumproduksjon derifrå i 2030/2031. Eitt at poenga med Equinor sin turne er å få potensielle leverandørar til å forstå at prosessen fram til kontrakt og byggestart rett og slett så lang at toget går no for den som vil vere med.

Effektiv produksjon
Til skilnad til under oljeboomen før 2014, der verft og utstyrsindustri på Nordvestlandet dreiv med skreddarsaum er Equinor ute etter det motsette til vindkraftsatsinga si.

No blir evne og vilje til masseproduksjon viktigast.

- Vi er ute etter å ha ein effektiv serieproduksjon, seier supply chain manager Halvard Rydland i Equinor.

Publisert: 13.09.2022 05:00

Sist oppdatert: 13.09.2022 10:56

Mer om