Nils Roar Hareide Runde Miljøsenter foto Ogne
INTERVJU: Nils Roar Hareide på Runde Miljøsenter skal intervjue fiskarar for å kartlegge kvar det vil vere konfliktar mellom vindkraftanlegg og fiskeri. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Skal kartlegge fisk og vind

Runde Miljøsenter ber fiskarane om hjelp til å finne ut kvar vindkraftanlegga kan plasserast.

04.11.2022

Runde Miljøsenter deltek i eit større forskingsprosjekt for å kartlegge kvar det kan byggast vindkraftanlegg til havs med minst mogleg negativ effekt på fiskeria.

- Runde skal stå for å innhente kunnskap frå fiskerinæringa, seier Nils Roar Hareide ved Runde Miljøsenter.

Han presenterte prosjektet på eit arrangement i Fosnavåg Shippingklubb denne veka. Heile prosjektet skal vere ferdig i 2025.

Skal intervjue skipperane
Hareide skal mellom anna intervjue skipperar som fiskar i dei aktuelle områda. Dei sit med mykje kunnskap som ikkje alltid er skrive ned og kan lesast ut frå rapportar og dataloggar.

Det er denne kunnskapen Hareide vil ha tak i, for at den skal blir ein del av grunnlaget for å avgjere om og kvar det kan byggast vindkraftanlegg i eit område.

Tre område
Førebels er det peika ut tre området for vindkraftutbygging, sørlege Nordsjø, Utsira Nord og Hywind Tampen. På Hywind Tampen vest for Florø er arbeidet med å bygge ut eit felt for flytande vindkraftturbinar allereie i gang.

Hywind Tampen er også eit døme på eit anlegg som er plassert på ein slik måte at det kjem i meir i konflikt med fiskeriinteressene i området enn naudsynt. Når Hareide og forskarkollegaene er ferdig med oppdraget skal kunnskapen som må til for å minimere slike interessekonfliktar vere på plass før plassering av vindkraftanlegga blir avgjort.

Publisert: 04.11.2022 08:46

Sist oppdatert: 04.11.2022 08:50

Mer om