«Betydeleg» kontrakt sikrar jobb til neste år
Ulmatec på Hareid skal lage vinsjesystem til kunde i USA.
Ulmatec har signert ein ny kontrakt for levering av tre avanserte «AHC E-Rope» vinsjesystem til ein kunde i USA, ifølgje ei pressemelding fredag.
Verken namnet på kunden eller den konkrete verdien på avtalen blir opplyst, men administrerande direktør Iver Bjørnerem opplyser til NETT NO at det dreier «eit betydeleg beløp som vil sikre arbeid for bedrifta til ut i 2022».
Han fortel at det dreiar seg om ei verdsomspennande verksemd som skjer på store havdjup, og at systema blir produsert ved Ulmatec Handling Systems-avdelinga på Hareid.
Vinsjesystema er laga og utvikla i tett samarbeid med kunden og miljøavtrykk, optimalisert fleksibilitet og produktyting har vore sentralt.
Publisert: 21.05.2021 16:13
Sist oppdatert: 21.05.2021 16:18