Ulmatec Hareid innfelt Jan Thormodsæter 11
IKKJE TILGJENGELEG ARBEIDSKRAFT: – I Norge har vi ikkje desse faga representert i særleg grad, og i alle fall ingen som er ledige for ny jobb, påpeiker Mafoss-leiar Jan Thormodsæter om fagfolka Ulmatec på Hareid har behov for. Foto: Ulmatec/Mafoss
Nytt

Oppdrag kan gå i vasken grunna innreisestopp

Mafoss med åtvaring – Ulmatec-leiinga mellom dei som reagerer på «blanke avslag» på å hente ekspertise.

Marius Rosbach
19.05.2021

Innreisestoppen som er innført i samband med pandemien gir utfordringar for fleire bransjar. NETT NO omtala førre veke om problema hotell- og serveringsbedrifter har med å rekruttere til sommarsesongen.

Men reglane skapar også store utfordringar hos leverandørane til den maritime industrien. Dagleg leiar Jan Thormodsæter i Mafoss meiner det er grunn til å åtvare mot konsekvensane i deira bransje.

– Dette har vorte ei brennheit sak og her må det takast grep snarast, seier han til NETT NO.

Mafoss-leiaren fryktar at ein rekke oppdrag kan gå i vasken om ikkje reglane, eller handteringa av dei, blir endra.

Kan søke om unntak
Thormodsæter fortel at mange av oppdraga deira medlemsbedrifter skal utføre har behov for arbeidskraft som ikkje er å oppspore på den norske arbeidsmarknaden.

Om ein skal få unntak frå innreiseforbodet no, må ein søke Sjøfartsdirektoratet og søknaden må fylle krav om at det er knytt til naudsyn, kompetanse - og at arbeidskrafta ikkje er tilgjengeleg i den norske arbeidsmarknaden.

Thormodsæter meiner det ikkje er godt nok at ein «tilfeldig byråkrat» skal avgjere slike saker etter eiga vurdering.

I yste konsekvens må vi takke nei til jobbar og vi er komne dit no
Håvard Myrene

Kritisk for å unngå tap av arbeid
Ulmatec på Hareid er mellom bedriftene som har fått utfordringar med å utføre spesialarbeid på ståloppdrag. Håvard Myrene er direktør for forretningsutvikling, og stadfestar til NETT NO at situasjonen er kritisk for å unngå at oppdrag går tapt.

– Så langt har det gitt forseinkingar på leveringstider. I yste konsekvens må vi takke nei til jobbar og vi er komne dit no, seier han.

I første rekke har bedrifta behov for sveisarar med spesialsertifikat – og Myrene fortel at det er ein kompetanse det «nesten ikkje er mogleg å få tak på», mellom norske arbeidstakarar.

Når vi ikkje får noko beskjed om at søknaden må korrigerast, eller om det manglar detaljar, så er det rimeleg håplaust
Håvard Myrene

Avslag utan grunngjeving
Ulmatec-direktøren er spesielt kritisk til at bedrifta har fått avslag på søknader utan grunngjeving.

– Vi har fått fleire blanke avslag. Når vi ikkje får noko beskjed om at søknaden må korrigerast, eller om det manglar detaljar, så er det rimeleg håplaust, fortel Myrene.

Han har eit visst håp om at noko kan vere i endring, etter at bedrifta tidlegare onsdag fekk ein telefon frå direktoratet om ein søknad.

– Dei ville ha meir informasjon om ein spesialkompetanse, fortel Myrene.

Verfta kan stå for tur
Mafoss-leiar Jan Thormodsæter fortel at fleire bedrifter har fått avslag, trass i at dei har dokumentasjon på godkjenningar og at dei følgjer desse. Det finn han merkeleg.

– Vi må få løyst dette no, elles kjem fleire leverandørar til å måtte droppe mange oppdrag. Og ganske snart kan det også gjelde verfta, påpeikar han.

Vi har avgrensa moglegheiter til å drive oppsøkande verksemd
Dag Inge Aarhus

– Har avgrensa moglegheiter
Kommunikasjonsdirektør Dag Inge Aarhus i Sjøfartsdirektoratet legg ikkje skjul på at det er krevjande å handtere ordninga som blei hasteinnført i vinter.

– Om det gjeld nokre detaljar, så kan vi prøve å få oppklara saka med ein telefon, men vi har avgrensa moglegheiter til å drive oppsøkande verksemd. Det er også søkar sin plikt at alt er rett fylt ut, fortel han til NETT NO.

At det ikkje er mogleg å klage på avgjerslene, gjer at direktoratet har sett på grunngjeving som mindre viktig.

Har handtert over 20.000 søknadar
Direktoratet har likevel bemanna opp og har folk på jobb både kveld og helgar.

– Vi har handtert over 20.000 søknadar på relativt kort tid og kring halvparten har fått avslag og halvparten innvilga innreise, seier Aarhus til NETT NO.

Kommunikasjonsdirektør forklarar at ordninga er meinte å vere streng frå politisk hald, men påpeiker at den også er utvida fleire gonger.

– No er den utvida til å gjelda breiare kritisk kompetanse og dei siste vekene har vi fått spørsmål som gjeld alt frå fotballspelarar, kokkar og mange andre grupper, legg han til.

Publisert: 19.05.2021 14:22

Sist oppdatert: 19.05.2021 16:30

Mer om