- Fjoråret var eigentleg over all forventning. Også i år ser det bra ut.
Det seier dagleg leiar Arne Moe, som i 2013 overtok som hovudaksjonær i det over 30 år gamle selskapet i Hovdebygda.
Moe merkar lite til offshorenedturen.
- Ja, så langt har det hatt liten effekt, sjølv om vi har kundar som seier at dei må vente til august med å kjøpe ny bil, for då veit dei om dei har jobb eller ikkje.
Moe seier at det var problem å skaffe nye Honda-er.
- Ja, spesielt på HR-V og Jazz har det vore lang leveringstid.
Det er smått med nye modellar frå dei to bilprodusentane i år, men Moe er ikkje så bekymra.
- Normalt kjem dei med modellar annaknkvart eller tredjekvart år. Dagens modellar er uansett svært populære.
- Nei, produsentane meiner at det er hydrogen som er framtida. Om to-tre år vert det storsatsing på hydrogenframdrift.
Ørsta-bedrifta satsar primært mot lokalsal på Sunnmøre og i nordre deler av Nordfjord.
- Bruktbilar sel vi over heile landet, men på nybil konsentrerer vi oss om lokalmarknaden.
- Vi ønskjer å sjå kundane i augene, og ha dei tilbake både to og ti gongar for nye handlar.
- Ja, vi er heldige som har dyktige tilsette. Dei er vel så viktige som namnet på bilmerka.
Totalt er det femten tilsette ved bedrifta, inkludert i service- og karosseriavdelinga.
Bjørdal Bil har tolv eigarar, der fleire er tilsette i selskapet.
Klart største eigar er Arne Moe med vel 50 prosent, føre Per Øyehaug (10,09 %) og Arne Nogva (7,34 %).
Eigarane kan no fordele eit utbyte på 1,1 millionar kroner etter fjoråret.
Det seier dagleg leiar Arne Moe, som i 2013 overtok som hovudaksjonær i det over 30 år gamle selskapet i Hovdebygda.
177 bilsal
For første gong passerte selskapet 50 millionar kroner i omsetning etter å ha seld 177 nye og brukte bilar. Året før stoppa det på 160.Moe merkar lite til offshorenedturen.
- Ja, så langt har det hatt liten effekt, sjølv om vi har kundar som seier at dei må vente til august med å kjøpe ny bil, for då veit dei om dei har jobb eller ikkje.
Lang leveringstid
Bjørdal Bil sel Honda og Suzuki, og i fjor var det Suzuki som stod for den største veksten.Moe seier at det var problem å skaffe nye Honda-er.
- Ja, spesielt på HR-V og Jazz har det vore lang leveringstid.
Det er smått med nye modellar frå dei to bilprodusentane i år, men Moe er ikkje så bekymra.
- Normalt kjem dei med modellar annaknkvart eller tredjekvart år. Dagens modellar er uansett svært populære.
Trur på hydrogen
Honda og Suzuki har heller ikkje satsa på el- og hybridbilar med batteri.- Nei, produsentane meiner at det er hydrogen som er framtida. Om to-tre år vert det storsatsing på hydrogenframdrift.
Ørsta-bedrifta satsar primært mot lokalsal på Sunnmøre og i nordre deler av Nordfjord.
- Bruktbilar sel vi over heile landet, men på nybil konsentrerer vi oss om lokalmarknaden.
- Vi ønskjer å sjå kundane i augene, og ha dei tilbake både to og ti gongar for nye handlar.
Utbyte
Han rosar dei tilsette.- Ja, vi er heldige som har dyktige tilsette. Dei er vel så viktige som namnet på bilmerka.
Totalt er det femten tilsette ved bedrifta, inkludert i service- og karosseriavdelinga.
Bjørdal Bil har tolv eigarar, der fleire er tilsette i selskapet.
Klart største eigar er Arne Moe med vel 50 prosent, føre Per Øyehaug (10,09 %) og Arne Nogva (7,34 %).
Eigarane kan no fordele eit utbyte på 1,1 millionar kroner etter fjoråret.
Vi ønskjer å sjå kundane i augene, og ha dei tilbake både to og ti gongar for nye handlar
Publisert: 15.06.2016 12:56
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:57