Anne Mari Rødal Kleppe Bjørkedal 2
MOT REKORD: Senterleiar Anne Mari Rødal Kleppe og Amfi Moa er godt på veg til eitt nytt rekordår. Foto: Marius Åmbakk Bjørkedal
Nytt

Black Week-nedgang i landet – Amfi Moa auka omsetninga same veke

1,2 prosent opp frå i fjor.

Til trass for at nordmenn handla mindre i butikkane på Black Friday i år, er det ikkje alle kjøpesenter som opplevde nedgang.

Ferske tal frå Noregs største kjøpesenter, Amfi Moa, viser at dei auka omsetninga med 1,2 prosent samanlikna med Black Week i fjor.

Det blei seld varer for nesten 115 millionar kroner denne veka, og senteret er 1,15 millionar kroner frå å nå 3 milliardar kroner for heile året.

Med ei auke på 5,1 prosent hittil i år betyr det at senteret ligg an til å få ny omsetningsrekord. Denne blei sett i fjor og var på 3,3 milliardar kroner.

Over seks millionar
For heile året så langt har dei omsett for 466,5 kroner per besøkande. Dette er ikkje ei endring frå fjoråret.

Samtidig har over 6,4 millionar besøkande tatt turen til senteret i år. Det er ein auke på 5,1 prosent.

I snitt betalar kundane 388,79 kroner (4 prosent auke) i år.

Nedgang for hus og heim
For bransjane er det spesielt spesialbutikkane som aukar omsetninga.

Dette gjeld mellom anna leikebutikkane. Bransjen har auka omsetninga med 3,2 prosent samanlikna med same veke i fjor.

Servering har auka med 2,7 prosent. Klede, sko og reiseeffekter, samt mat og drikke har auka med 1,9 prosent. Service og tenesteyting har berre auka med 0,1 prosent.

Hus og heim er einaste bransje med ein nedgang. Denne er på 1,2 prosent.

Mindre Black Friday-handel
Tal som kom mandag 27. november viste at vi handla mindre i butikkane på Black Friday i år. Handelen i fysiske butikkar fall med 3 prosent frå i fjor, opplyste Bankaxept til NPK-NTB.

På Black Friday i år vart det handla for 2,3 milliardar kroner i fysiske butikkar innanfor varehandel. Det er ein nedgang på 3 prosent frå i fjor.

– Fredagen er framleis toppdagen. Totalt for Black Week var det ein nedgang på 3 prosent i handelen. Det var høgare handel i starten av veka samanlikna med Black Week i fjor, opplyste Bankaxept.

Det vart handla mest daglegvarer, og deretter vart det handla mest klede, sko og tilbehøyr.

Publisert: 28.11.2023 09:29

Sist oppdatert: 28.11.2023 09:29

Mer om