Anne Mari Rødal Kleppe Bjørkedal 1
MOT STRAUMEN: Detaljhandelen viser her til lands har ein negativ trend så langt i år, ifølgje SSB-tal. Men senterleiar Anne Mari Rødal Kleppe på Amfi Moa, fortalde nyleg om vekst hos dei. Foto: Marius Aambakk Bjørkedal
Nytt

Lyspunkt for varehandel – men svakare Black Friday

Amfi Moa med vekst, medan handelen på landsbasis har negativ trend.

27.11.2023

(NPK-NTB): Detaljhandelen i Noreg hadde ein viss oppgang i oktober, etter tre månader med nedgang. Samtidig viser ferske tal at folk handla mindre i butikkane på Black Friday i år, samanlikna med i fjor.

Omsetningsvolumet for detaljhandelen auka 0,6 prosent frå september til oktober, skriv Statistisk sentralbyrå.

– Butikkhandel med sportsutstyr og fritidsbåtar var næringane som bidrog mest opp. Sal av bensin og klede bidrog også opp. Daglegvare trekte mest ned i oktober, etterfølgd av handel med elektriske hushaldsapparat, seier førstekonsulent Edvard Garmannslund i SSB.

Nedgang for året så langt
Oppturen er likevel ikkje nok til å hindre at det har vore ein nedgang i detaljhandelen sidan oktober i fjor. Denne nedgangen er på heile 2,5 prosent.

Næringane som sel ulike hushaldsvarer, selde mindre i oktober. Garmannslund forklarer dette med at desse varene ofte blir selde meir når dei kjem på sal – folk kjøper mellom anna kvitevarer og elektronikk under sala i november.

Det største kjøpesenteret på Nordvestlandet, Amfi Moa, gjer det med andre ord betydeleg skarpare enn landssnittet.

Ved utgangen av oktober kunne senterleiar Anne Mari Rødal Kleppe melde om ei auke i omsetninga på fem prosent for deira del.

Auka etter fleire månadar med fall
Samla sett har varehandelen her til lands auka frå september til oktober, både innan detaljhandelen og «handel med og reparasjon av motorvogner».

Tala for detaljhandelen i Noreg liknar på mønsteret i nabolanda våre. Sverige hadde ein nedgang på 1,2 prosent, medan Danmark hadde ein auke på 0,9 prosent.

Oktober-tala kjem etter eit fall på 0,3 prosent i september, og DNB Markets venta på førehand ein nedgang på 0,2 prosent i oktober.

Trur ikkje sentralbanken endrar planar
Ekspertar i bankane trur likevel ikkje det vil føre til at Noregs Bank gjer meir for å bremse nordmenns kjøpelyst.

– Det er ingenting i desse tala som får Noregs Bank på andre tankar, kommenterer sjeføkonom Marius Gonsholt Hov i Handelsbanken Capital Markets til Dagens Næringsliv.

Mindre Black Friday-handel
Heilt ferske tal viser at vi handla mindre i butikkane på Black Friday i år. Handelen i fysiske butikkar fall med 3 prosent frå i fjor, opplyser Bankaxept måndag formiddag.

På Black Friday i år vart det handla for 2,3 milliardar kroner i fysiske butikkar innanfor varehandel. Det er ein nedgang på 3 prosent frå i fjor.

– Fredagen er framleis toppdagen. Totalt for Black Week var det ein nedgang på 3 prosent i handelen. Det var høgare handel i starten av veka samanlikna med Black Week i fjor, opplyser Bankaxept.

Det vart handla mest daglegvarer, og deretter vart det handla mest klede, sko og tilbehøyr.

Publisert: 27.11.2023 10:51

Sist oppdatert: 27.11.2023 11:16

Mer om