"Stad skipstunnel har like god samfunnsøkonomisk nytte som jernbaneprosjekt på Austlandet. Då kan ikkje prosjekt på Vestlandet kallast sløseri, medan store infrastrukturprosjekt på Austlandet blir prioriterte år etter år. Ein balansert og berekraftig transportpolitikk må og løfte sjøvegen. Stad skipstunnel er eit grep som knytter kyst-Norge tettare saman, avlastar vegane og styrker vår maritime infrastruktur. Det handlar om heilskap – ikkje særinteresser", heiter det i oppropet.
Bak oppropet står bedrifter og organisasjonar som Mowi, Norges Fiskarlag og Sunnmøre Regionråd.
Deira krav er at Kystverket fullfører forhandlingane med dei tre entreprenørane som konkurrerer om oppdraget, og at tunnelen deretter blir bygd.
"Vi forventar at regjering og Storting no står ved tidlegare lovnader og prioriterer kysten.", heiter det i oppropet.
Over fem milliardar
Skipstunnelen skil seg frå andre store samferdselsprosjekt ved at Stortinget i 2021 vedtok at dersom prisen blir på meir enn fem milliardar kroner etter kroneverdien i 2021, må prosjektet tilbake til Stortinget for ny behandling.
Kystverket har fått inn tilbod frå tre entreprenørar som vil byggja skipstunnelen. Prisen dei vil ha, ligg eit godt stykke over maksramma som er vedteken. I tillegg har prisane innan bygg og anlegg stige kraftig dei siste åra, noko som igjen gjer at tunnelen blir dyrare.
– Det er ein realitet at 2021-ramma ikkje held. Då kan ikkje vi som direktorat starta bygginga før vi har fått ei avklaring, sa kystdirektør Einar Vik Arset til Sunnmørsposten i august i år.
Underskrivarane bak oppropet meiner prisauken ikkje er noko særsyn for skipstunnelen, men er råka av same kostandsauke som alle infrastruktutprosjekt i perioden 2021-2025.
Publisert: 16.09.2025 10:09
Sist oppdatert: 16.09.2025 10:09






