Blei utfordra om overskot i ferjehoeyring
STORT OVERSKOT I FJOR: Tove-Lise Torve, fylkesordførar i Møre og Romsdal, meiner fylka er underfinansierte frå staten. Tysdag måtte ho svare på korleis fylkeskommunen samtidig gjekk med 300 millionar i overskot i fjor.  
Nytt

Blei utfordra om overskot i ferjehøyring

Fylkesordførar Tove-Lise Torve måtte svare på kvifor fylkeskommunen ikkje har råd til å sette ned ferjeprisane, når overskotet i fjor kom på heile 300 millionar kroner.

25.02.2020
(NPK-Anne Sigrid Hundere): Oppmodinga frå ferjefylka under tysdagens høyring om ferjeprisene var klar: Dei treng meir pengar for å klare det grøne skiftet.
Tove-Lise Torve (Ap), fylkesordførar i Møre og Romsdal, seier dei er det fylket med flest attståande køyretøy og dermed treng eit betre ferjetilbod, men at fylket ikkje har råd til det.
Ho viser til at fylket brukar 180 millionar kroner meir på ferjer enn dei får i overføringar frå staten.
Kommunal- og forvaltningskomiteen heldt tysdag høyring på Stortinget om ferjepolitikken i Distrikts-Noreg. Blant deltakarane var fylkeskommunane Vestland, Nordland og Møre og Romsdal, Nettverk for fjord og kystkommunar, Samarbeidsrådet for Sunnhordland og KS.

Kritikk for overskot

Frå stortingsrepresentant Helge André Njåstad (Frp) fekk Torve spørsmål om prioriteringane til fylkeskommunen etter at det vart kjent at Møre og Romsdal gjekk , men likevel måtte setje opp ferjetakstane.
– Grunnen til dette er at vi har fått pengar til tunnelsikring, som i første omgang ikkje låg i statsbudsjettet, men som blei retta opp slik at vi fekk løyvingane til tunnelsikring likevel. Vi har eit stort etterslep på tunnelsikring i Møre og Romsdal, seier Torve.

Les også:


Njåstad: – Kommunane vil ha pengar direkte til ferjene

Njåstad er saksordførar for forslaget i komiteen. Han var i etterkant av høyringa klar på at dersom fylkeskommunen skal få meir pengar, må dei vere øyremerkte.
– Det viktigaste bodskapet eg fekk i dag frå kommunane, er at dei ikkje stoler på fylkeskommunane, men vil ha pengar direkte til ferjene. Det er eg heilt samd i, seier Njåstad.
– Meiner du fylkeskommunane har prioritert feil?
– Ja, når Møre og Romsdal går med 300 millionar i overskot, er det sjølvsagt pengar dei kunne nytta til å setje ned prisane.

Askeland: – Regjeringa må ta sin del av rekninga

Jon Askeland (Sp), fylkesordførar i Vestland, avviser at fylka har gjort feil i sine prioriteringar:
– Vi svarar på ei bestilling frå Stortinget. Ein kan jo spørje kontant tilbake om stortingsrepresentanten meiner at fylka ikkje skal følgje opp vedtak frå Stortinget, seier Askeland til Nynorsk pressekontor.
Askeland meiner fylkeskommunen har vore lojale mot Sundvollenerklæringa og oppdragsmandatet frå Stortinget i 2015, der ferjefylka vart bedt om å fornye ferjeflåten med nullutsleppsteknologi.
– Det har vi gjort, og då må regjeringa vere med å ta sin del av rekninga. Kostnadane vi har utover det staten kompenserer oss for, er eit stort problem for oss. Staten har same problem på riksvegsambandet, men blir kompensert for det, medan fylka ikkje får tilsvarande kompensasjon.

Håpar på fleirtal for meir pengar

Fylkesordføraren trur derimot det vil kome på plass ei løysing, også for fylkeskommunane.
– Eg er jo optimist på at dei er oppriktige med å søkje informasjon frå oss, og eg opplever at dei leitar etter å finne ei løysing for å hjelpe kystbefolkninga. Eg trur dei kjem oss i møte, seier Askeland.
Leiar i kommunal- og forvaltningskomiteen, Karin Andersen (SV), meiner regjeringa må få ordna opp i autopassordninga og kompensere fylkeskommunen for kostnadane dei har med å leggje om til nullutsleppsferjer.
– No skal vi behandle dette forslaget, og eg håpar på fleirtal for å betre situasjonen for fylkeskommunane. Og så kjem revidert nasjonalbudsjett i mai, og der kjem i alle fall SV til å leggje pengar på bordet slik at fylkeskommunane kjem seg ut av denne knipa, seier Andersen.
(©NPK)

Meir om saka:







Analyse

:

Synspunkt:


Når Møre og Romsdal går med 300 millionar i overskot, er det sjølvsagt pengar dei kunne nytta til å setje ned prisane

Publisert: 25.02.2020 16:24

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53