Bles liv i gamal moebelfabrikk
UTSIKT: Festivalarrangøren Momentium er i ferd med å samle fleire kultur- og it-bedrifter rundt seg i den tidlegare kjøkkeninnreiingsfabrikken på Giske. 
Nytt

Bles liv i gamal møbelfabrikk

Kulturbedriftene på Giske har allereie passert driftsinntektene til den gamle kjøkkenfabrikken der dei held hus. Målet er å få fleire arbeidsplassar også. 

09.12.2013
- Når ein er på same plass og treffes, så blir det mange nye prosjekt og idear, og det skaper business. I ein virtuell arbeidskvardag er det stadig meir behov for fysiske møteplassar, seier dagleg leiar Ante Giskeødegård i Momentium.
Firmaet er først og fremst kjent som festivalarrangør, mellom anna av Jugendfest i Ålesund og Sommerfesten på Giske. Men Momentium er og i ferd med å bygge opp eit bedriftsfellesskap rundt seg.
I vinter opna Giskeødegård rundt 700 kvadratmeter nyoppussa kontorfellesskap i fabrikken. Der er det snart fullt.
Der Mørekjøkkenet blei produsert fram til 2010 er det i dag 22 arbeidsplassar (sjå fakta) i kultur og IT-bransjen. Då fabrikken gikk for fullt var der i overkant av 40.

Samlar kulturnæring

Kjøkkeninteriørfabrikken på Giske var i familien Giskeødegård sitt eige fram til 2008, då Wenaas Industrier tok over. Men i 2010 var det slutt, og familien kjøpte tilbake bygget gjennom selskapet Øygardshavna as.
- Kjekt å få tilbake drift i bygget, seier Giskeødegård.
I kveld, mandag 9. desember, er han vert når fylkeskommunen si satsing på kulturnæringane blir dratt i gang. Gjennom ti samlingar i året over tre år er målet å løfte fram nye og etablerte kulturbedrifter i fylket.
Momentium og den tidlegere kjøkken-innreiingsfabrikken i havgapet blir samlingspunktet for kulturbedriftene på Sunnmøre.

Stort potensiale

Giskeødegård er ikkje i tvil om at Momentium og dei andre i det gamle fabrikkbygget har tent på å vere under same tak.
- Kulturnæringane har eit enormt potensiale, som på langt nær er utnytta. Dette er ei næring som er svært fragmentert. Det er eit veldig behov for nettverk og møteplassar. Der ein klarer å få det til så får ein synergiar (samordning-/samanslåingsgevinstar, red. merk), seier Giskeødegård.

Trend

- Det er ein tydleg trend som kjem no, seier Anne Birte Bjørdal Hanken i kaffibaren Jacu i Ålesund, om framveksten av bedriftsfelleskap der målet er å gi gründarar eit fruktbart miljø å utvikle seg i.
Kjekt å få tilbake drift i bygget

Publisert: 09.12.2013 14:35

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:30