Blodraudt fraa Axxis
SEISMIKK: Havila Fortune er eitt av to skip frå Havila Shipping som Axxis Geo Solutions har leigd inn til sine seismikkoperasjonar, no sist til å utføre nodeseismikk ved Suez.
Nytt

Blodraudt frå Axxis

Utsette prosjekt og kraftige nedskrivingar av verdien av eit multiklientbibliotek gav Axxis Geo Solutions eit blodraudt resultat i fjerde kvartal.

26.02.2020
Det sunnmørsdominerte seismikkselskapet er i økonomiske vanskar etter store tap i fjor.
I fjerde kvartal omsette selskapet for 35,4 millionar kroner, der driftsresultatet vart negativt med 67,4 millionar korner.
Etter nedskrivingar av multiklientbiblioteket med 308 millionar kroner, enda resultatet før skatt på minus 411,5 millionar kroner.
På årsbasis enda inntektene på 611 millionar kroner, driftsresultatet på 39 millionar og resultatet før skatt på minus 336 millionar.
I kvartalsrapporten viser selskapet til at utsett oppstart på eit prosjekt i Midt-Austen (på egyptisk side av Suez, red merk), bidrog negativt.
Prosjektet starta først opp i midten av januar, der Axxis har fem innleigde skip, derav to skip innleigd frå Havila Shipping.

Selskapet sitt eige skip, Neptune Naiad, har derimot vore i arbeid i Brasil.

Meir arbeid i Nordsjøen

Selskapet har inngått eit joint venture med TGS om å utføre nodeseismikk i Nordsjøen, spesielt knytt til Utsirafeltet, og forventar meir arbeid i Nordsjøen framover.
at ein hadde inngått ein intensjonsavtale om seismikk i Nordsjøen med ein større internasjonal aktør.
Om denne intensjonsavtalen vert realisert, er planen å utføre arbeidet i løpet av andre kvartal i år.
Arbeidet vil omfatte eit område på 67 kvadratkilometer, og vil pågå i rundt 30 dagar.
Arbeidet skal utførast av to seismikkfartøy.

Sunnmørsdominert

Havila Holding er klart største aksjonær i nodeseismikkselskapet etter at både Jogeir Romestrand i Rome og Arne Blystad i Songa Invest kasta korta.
Herøy-selskapet har 26,4 prosent av aksjane.
Nest størst er Sølvtrans-direktør Roger Halsebakk som gjennom investeringsselskapet Ronja Capital eig 3,5 prosent, medan Houston-baserte Bjarte Bruheim er tredje størst med 3,1 prosent.
Ei rekkje andre sunnmørsinvestorar er inne på eigarsida, som Frode Håkon Kjølås gjennom selskapet Kjølås Stansekniver, Peder Stette gjennom Stette Invest og Remøy Group gjennom W2 Seismic.

Publisert: 26.02.2020 07:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53