Opnar for Villa Seafood-handel
Etter kapitalutviding i haust fekk sjømatselskapet over 100 eigarar. No skal det bli lettare å handle aksjar.
Kapitalutvidinga på 25 millionar kroner i september i år verdsette Ålesund-selskapet Villa Seafood til 250 millionar kroner.
Pengane vart henta inn gjennom Dealflow i Bergen, eit selskap som legg til rette for kapitalutvidingar i mindre selskap. Kravet til minimumsinvestering er ofte sett så lavt av mange mindre investorar blir med.
Før kapitalutvidinga var det 10 eigarar i sjømaselskapet, med dagleg leiar Ove Thu som den største, med 53,3 prosent av aksjane.
Etter kapitalutviding har Villa Seafood Group over 100 eigarar. Investorane som var med på kapitalutvidinga i haust, eig omlag 10 prosent av selskapet.
Ikkje børs
No har Dealflow lagt til rette for at det skal bli lettare å kjøpe og selje aksjar i Villa Seafood.
Det er ikkje snakk om ein børs, men ein plattform for kontakt mellom potensielle kjøparar og seljarar. Dealflow undersøkjer også om seljar er faktisk eigar og har rett til å selje aksjane. Sjølve handelen blir avtalt direkte mellom kjøpar og seljar, og kurs og talet på aksjar som skiftar eigar blir ikkje offentleggjort.
Villa Seafood Group driv med eksport og sal av fisk, og foredling gjennom medeigarskap i laksefileteringbedrifta Arctic Filet i Troms og Filetfabrikken i Nittedal ved Oslo. Dei driv og med oppdrett gjennom medeigarskap i Organic Sea Harvest Holding i Skottland.
Publisert: 19.12.2022 05:00
Sist oppdatert: 18.12.2022 19:55