Kleven i gong med resirkuleringa
Gammal ferje først ut i nytt forretningsområde og verftet har fått «sommarjobb» på Olympic-skip.
På Green Yard Kleven er arbeidet i gong med det som skal bli verftet sitt «grøne» bein. Godkjenninga for å drive den nye verksemda med resirkulering av skip, kom på plass i vinter. No er det første fartøyet - bilferja Jondal bygd i 1974 – løfta opp på beddingen og i ferd med å bli plukka frå kvarandre.
– Vi kjøpte denne ferja for å for å få en roleg start på eit nytt bein og trene oss på heile prosessen med resirkulering og sortering av alt materiale, farleg avfall - og samtidig gjennomføre på ein god måte, fortel verftsdirektør Kjetil Bollestad til NETT NO.
(saka held fram under)
Les også
Klipper stål som blir frakta med båt
Allereie medan ferja låg til kai, blei innreiinga teke ut og fartøyet tømt for laust utstyr, i tillegg til farleg avfall. No er dei snart i gong med å klippe stål.
– Stålet skal seinare blir shippa ut med ein båt, medan det meste anna blir levert via gjenvinningsselskap etter at det er sortert i ulike kategoriar. Nokre delar eller komponentar forsøker vi også selje, fortel Bollestad.
Høg stålpris er ein fordel for denne delen av verksemda for augneblinken, men han påpeiker at den samtidig aukar kostnadene deira ved nybyggingsoppdrag.
(saka held fram under)
Større skip for tur
Verftsdirektøren fortel at Kleven i utgangspunktet tek sikte på å resirkulere langt større fartøy. Det neste skipet som står for tur, er det 1999-bygde ankerhandteringsskipet frå DOF, Skandi Admiral.
I dag er dei tett oppunder 100 personar i arbeid ved verftet. Når arbeidet med å resirkulere fleire skip kjem i gong, vil talet på tilsette auke.
– Når det blir meir aktivitet og nybygg, meiner vi denne verksemda kan gjere det lettare å halde på kompetansen. Nybygg går ofte i syklusar og vi meiner det er mogleg å flytte folk dit det er behov i dei ulike segmenta, fortel Bollestad.
Resirkuleringa kan gjere verftet mindre utsett for svingingar i marknaden. Verksemda gir samtidig mindre grad av ringverknader til underleverandørar, som ved eit nybygg.
(saka held fram under)
Olympic-oppdrag
For augneblinken har verftet fått inn eit anna oppdrag som gir arbeid i om lag ei veke. Herøy-skipet Olympic Challenger kom nyleg til kai for å få utført noko arbeid.
– Vi skal montere ei kran og assistere vedlikehaldet av ei stor kran om bord, i tillegg til noko anna arbeid. Skipet blir liggande til slutten av månaden. Slike jobbar er fine å fylle på med, og gir nokre arbeidstimar, fortel Kjetil Bollestad.
Verftet har også to hurtigruteskip liggande til kai. MS Maud er det siste som er kome til kai, og ekspedisjonsskipet skal få ei teknisk oppgradering og klargjering. MS Otto Sverdrup ligg også til kai, for ei oppgradering før skipet skal ut på seglas for reiarlaget.
E10/S2 Stig Remøy og Rolf Fiskerstrand om GIEK / Eksportkreditt Norge og framtida til norsk eksport
Publisert: 29.06.2021 16:26
Sist oppdatert: 17.08.2021 20:45