Erik Valderhaug Lydkjelleren Foto Lydkjelleren
STOR AKTØR I KULTURLIVET: Hovudaksjonær og produksjonssjef Erik Valderhaug i Lydkjelleren ved miksebordet. Foto: Tore Aasestrand/Lydkjelleren
Nytt

Boom etter korona

Rekordår for Lydkjelleren i fjor.

07.07.2023

2022 starta med to månadar koronarestriksjonar. Så tok det av.

Inntektene steig med 50 prosent i fjor, til 29,6 millionar kroner. Førre inntektsrekord var i 2019, med 21,7 millionar kroner.

- Plutseleg skulle alle gjere alt, seier dagleg leiar Tore Aasestrand i Lydkjelleren.

Lydkjelleren i Ålesund leiger ut folk og utstyr til arrangørar som treng hjelp med lys og lyd, frå konsert- og teaterarrangørar til firmaarrangement. I tillegg hentar selskapet omlag ein tredjedel av inntektene sine frå å levere og installere faste lyd- og lysanlegg.

Bremsene på med korona
Før koronapandemine kom i 2020 låg Lydkjelleren an til eit svært godt år.

- Veldig bra, vi har hatt eit kjempeår hittil, sa hovudaksjonær Erik Valderhaug om korleis situasjonen var to veker før dei første smittervernrestriksjonane stengde ned store deler av kulturlivet i starten av mars. Dei tilsette fekk permisjonsvarsel, snart var 10-12 permitterte.

- Vi har ikkje noko val, for vi får ikkje ei einaste krone inn, sa Valderhaug.

Året vart likevel inga katastrofe, inntektene fall 3,5 millionar kroner i 2020 - til 18,2 millionar kroner - og resultatet før skatt blei 2,8 millionar kroner.

Det som ikkje blei noko av var den veksten Lydkjelleren låg an til. Selskapet er mellom anna ein målestokk på aktiviteten i kulturlivet - og den vart det lagt ein kraftig dempar på både i 2020, 2021, og i starten av 2022.

Måtte seie nei til oppdrag
Straks smittevernrestiksjonane var ein saga blott i fjor vinter kom bestillingane strøymande.

Lydkjelleren måtte leige inn frilansarar for å ta unna nokre av oppdraga, og måtte seie nei til andre.

Så langt i år er det enda høgare aktivitet. Det er litt mindre fimaarrangement, men auke i i kutlturarrangement.

Lydkjelleren har budsjettert med vekst, og ligg i dag over budsjettet, seier dagleg leiar Tore Aasestrand.

Stor i Oslo
Lydkjelleren arbeider over heile landet og Oslo-marknaden står for omlag 30 prosent av driftsinntektene seier Aasestrand.

Aktiviteten der er så stor at selskapet vurdere å etablere kontor/lager også i Oslo, ifølgje Aasestrand.

Lydkjelleren har 15 tilsette. Hovudaksjonær er produksjonsjef Erik Valderhaug, som eig 68 prosent av aksjane direkte og 5,6 prosent gjennom selskapet Erik Valderhaug as.

Lydkjelleren as
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt29,619,8
Driftsresultat 2,00,7
Resultat før skatt1,80,6

Publisert: 07.07.2023 09:45

Sist oppdatert: 07.07.2023 09:45