2048px Bourbon Monsoon 17775542233 1
TIL SALS: Nyleg blei det kjent at Bourbon Offshore Norway vil selje skipet Bourbon Monsoon. Det norske reiarselskapet er del av det franske storkonsernet. Foto: Wikimedia Commons
Nytt

Bourbon-direktør ankar korrupsjonsdom

Styret har tiltru til at toppsjefen for det franske storkonsernet kan halde fram i rolla.

Marius Rosbach
16.07.2024

Toppleiaren for det franske Bourbon-konsernet vart nyleg dømt til fengsel på vilkår i to år og forbod mot å drive forretningsverksemd i fleire afrikanske land.

Dommen mot administrerande direktør Gaël Bodénès er omtala i ein rekke franske nyheitsmedie, og gjeld korrupsjon gjort i land som Ekvatorial-Guinea, Kamerun og Nigeria.

Motivet for å betale fleire millionar amerikanske dollar til ulike personar, skal ha vore å senke skatterekninga for konsernet.

Ankar dommen og held fram som toppsjef
Fra Christelle Loisel som er ansvarleg for kommunikasjon i Bourbon-konsernet, opplyser til Nett No Bodénès avviser skuldingane mot ham og vil anke dommen.

Avgjerda frå domstolen i Marseille er ikkje rettskraftig før ankespørsmålet er avgjort. Ho viser også til uttalen frå styreleiar Jean Peyrelevade om at dei støttar Bodénès og har tillit til han.

– Vi er overtydd om at han vil vere i stand til å halde kursen og fortsette å leie konsernet med integritet og på ein ansvarsfull måte, har Peyrelevade uttalt.

Fleire roller i norske selskap
Bourbon Offshore Norway med hovudkontor i Herøy er del av det franske storkonsernet. Gaël Bodénès har mellom anna styreleiarroller i dei norske reiarselskapa, i tillegg til en rekke andre roller som følgjer med i kraft av å vere toppsjef.

Desse selskapa er eigd av Bourbon Marine & Logistics som igjen er del av Bourbon-konsernet med med hovudkontor i franske Marseilles.

Bodénès blei dømt som éin av tre som skal ha vore mest sentrale i avgjerdene som blei teke i saka.

Snudde underskot til pluss i 2022
Bourbon Offshore Norway-konsernet leverte i 2022 det første plussresultatet på ei årrekke. I fjor blei det kjent at Bourbon-skipa i Noreg blir ein del eit samarbeidsselskap med canadiske Horizon Maritime.

Eigarskapen til skipa ligg framleis i Bourbon Offshore Norway, og mangeårig Bourbon-sjef i Norge, Bjørn Idar Remøy, er med i leiinga av samarbeidsselskapet.

Nett No har vore i kontakt med Bjørn Idar Remøy som viser til kommunikasjonsansvarleg Christelle Loisel for kommentarar kring korrupsjonsdommen.

Publisert: 16.07.2024 13:49

Sist oppdatert: 16.07.2024 18:49

Mer om