Bourbon mistral innfelt bjørn idar remøy foto kjetil haanes
GOD MARKNAD: Bourbon Offshore-sjef Bjørn Idar Remøy ser positivt på marknaden framover. Reiarlaget reknar med å ha alle skipa i arbeid ut året - får betre betalt. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Kraftig forbetring for Bourbon

Med slankare flåte snudde offshorereiarlag minus til det største overskotet på ti år.

Marius Rosbach
25.07.2023

Bourbon Offshore Norway-konsernet leverte i 2022 det første plussresultatet på ei årrekke.

Etter ein kraftig nedgang i inntektene frå meir enn 600 millionar i 2019, til knappe 94 millionar i 2021 – auka inntektene i fjor til 144 millionar kroner.

Etter at reiarlaget har slitt med store tap sidan heilt sidan 2015, enda 2022 med det største overskotet på ti år (sjå tabell under).

Skipa er meir verdt
Resultatet før skatt vart på meir enn 123 millionar etter at reiarlaget gjorde om tidlegare nedskrivingar av skipsverdiane.

På bakgrunn av vurdering frå to ulike meklarar reverserte selskapet nedskrivingar av skipa tilsvarande 115,7 millionar kroner, ifølgje årsmeldinga til Bourbon Offshore Norway Holding.

Årsaka til grepet er betre marknadsutsikter. Ved utløpet av året var skipsverdiane sett til 304 millionar.

Bourbon Offshore Norway (konsern)
Årsresultat (i mill kr)20222021
Driftsinntekter14493,8
Driftsresultat127-39,4
Resultat før skatt123,6-48

Gjeldfritt og fem skip i flåten
Bourbon Offshore Norway hadde berre fem forsyningsskip i flåten i fjor, etter at reiarlaget dei siste åra har kvitta seg med ein rekke eldre fartøy.

Det er budsjettert med langsiktige kontraktar for alle skipa ut året, skriv leiinga i årsmeldinga.

«Slankeoperasjonen» gjorde også at selskapet var gjeldfritt ved inngangen til fjoråret. Eigenkapitalen var på 333 millionar kroner ved utløpet av 2022.

Betring i marknaden
Inntektsauken i fjor kom av at alle skipa var ute av opplag, høgare ratar og meir oppetid for båtane.

Leiinga skriv i årsrapporten at marknaden har vore vitne til betydeleg vekst det siste året, drive fram av auka aktivitet med leiting og produksjon i offshorebransjen.

Spesielt fartøy utstyr for å utføre oppdrag på store djupner, er ettertrakta.

Reiarlaget ventar at marknaden vil helde fram å vekse dei komande åra, drive av utviding av prosjekt innan fornybar energi offshore, pågåande olje- og gassverksemd og nedbygging av installasjonar til havs.

Canadisk samarbeid
Reiarselskapet er eigd av det franske konsernet Bourbon Marine & Logistics med hovudkontor i Marseilles – som igjen er del av Bourbon Maritime.

Ved starten av året blei det kjent at Bourbon-skipa i Noreg blir ein del eit samarbeidsselskap med canadiske Horizon Maritime.

Eigarskapet til dei fem fartøya frå Bourbon ligg framleis i Bourbon Offshore Norway, og mangeårig Bourbon-sjef i Norge, Bjørn Idar Remøy, er med i leiinga av samarbeidsselskapet.

Publisert: 25.07.2023 05:00

Sist oppdatert: 24.07.2023 23:18

Mer om