Bra helse for Norskehavet
SUNT: Det er lite forureining og bestandane av sild, makrell og kolmule er sunne i Norskehavet, viser ny rapport. Her sildesteng på Gjerdsvika. 
Nytt

Bra helse for Norskehavet

Miljøtilstanden er god for Norskehavet, men klimaendringar og forsuring gjer havområda varmare. Det viser ein ny rapport.

31.03.2015
Forvaltningsplanen for Norskehavet er no oppdatert. Denne er spesielt viktig for alle som driv fiskeri.
Rapporten er laga i samarbeid mellom dei tre rådgivande gruppene Fagleg forum, leia av Miljødirektoratet, Overvåkingsgruppa, leia av Havforskningsinstituttet og Risikogruppa, leia av Kystverket. Miljødirektoratet har hatt det overordna ansvaret.

Bra for fisken

I rapporten går det fram at fiskebestandane av makrell, sild og kolmule er i god stand. Spesielt har makrellbestanden ekspandert betydeleg i dei siste åra.
Derimot er det nedgang for sei, i alle fall samanlikna med tidleg på 2000-talet.
I rapporten vert det påpeika at det kan skje endringar, spesielt gjennom temperaturauke. Ein vidare auke i havtemperaturen kan få konsekvensar både for kva artar som finst og kor mykje som finst av dei.

Meir korallar enn først trudd

Gjennom kartleggingsprogrammet Mareano er det siste åra funne ei rekkje nye korallrev, korallskogar, sjøfjær og svamp i Norskehavet. Rapporten konkluderer med at bestandane er større enn ein først har trudd. Her er det fiske med botntrål som er den store faren for bestandar som i liten grad er kartlagde.
Medan det har gått bra for fisken i perioden mellom 2008 og i dag, har det gått langt verre med sjøfuglbestanden. Rapporten peikar på framleis nedgang for artar som krykkje og lomvi.

Lite forureining

Norskehavet er framleis lite forureina. Langtransportert forureining via luft- og havstraumar er den viktigaste kjelda til forureining.
Nivåa av giftstoff og andre framande stoff i sjømat er generelt under grenseverdiane for menneskelig konsum, og viser at sjømat frå Norskehavet er trygt å ete for forbrukarane. Eit unntak er blåkveite, der nokre fiskefelt er stengde på grunn av høge nivå av PCB og dioksinliknande PCB.
Raspporten viser også til at bestanden av havert er stabil, medan det har vore ein nedgang på 35 prosent frå 2008 i bestanden av steinkobbe.

Publisert: 31.03.2015 13:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:43