Ferdig på verftet – for denne gong
Kystvaktskipet på veg tilbake til Langsten.
I morgontimane fredag la det snart ferdig kystvaktskipet KV Bjørnøya frå kai ved Ulstein Verft og sette kursen for Bunker Oil i Ålesund.
Skipet har vore til eit planlagt dokkopphald ved Ulstein-verftet, og skal no tilbake til Vard Langsten-verftet.
Det opplyser Elisabeth Sandberg som er senior kommunikasjonsrådgjevar ved Forsvarsmateriell, til NETT NO i ein e-post.
Følg AIS-sporing til skipet her (ekstern lenke)
Skal leverast i løpet av året
– Målsettinga og planen til prosjektet, er å overlevere KV Bjørnøya til Sjøforsvaret i 2023, skriv ho om tidspunktet for overlevering.
På eit tidlegare tidspunkt var overleveringa planlagt å vere i midten av 2023, men arbeidet har teke lengre tid.
Kommunikasjonssjef Anne-Bente Skjellum i Vard fortel til NETT No at skipet no skal bli testa vidare - før leveringa seinare i år.
Les også
Ekstraoppdrag for Ulstein
NETT NO har tidlegare omtala korleis kjempeoppdraget til Vard med å bygge dei tre kystskipa, sprenger kapasiteten til verftkonsernet.
Alle tre skipa skal difor i dokk ved Ulstein før levering for reingjering, utsjekk og nokre mindre justeringar. KV Bjørnøya vart slept til Ulstein-verftet for klargjering i april.
Første skipet døypt i fjor
Det første kystvaktskipet vart døypt KV Jan Mayen i fjor haust, men hadde då ikkje fått installert det militære utstyret om bord. Skipet kom til Ulstein verft for klargjering i mars i år – og skal leverast i løpet av året.
Skip nummer tre KV Hopen, vart slept frå Vard sitt verft i Romania, og kom til Langsten-verftet i slutten av januar. Skipet skal etter planen leverast neste år.
Verdien på oppdraget med tre kystvaktskip for Vard er på 5,4 milliardar kroner. Heile prislappen for dei tre skipa er på 7,2 milliardar kroner, og er mellom dei største maritime innkjøpa det norske forsvaret har gjort.
Publisert: 14.07.2023 14:15
Sist oppdatert: 14.07.2023 14:46