(NPK-Jani Fardal): Ei viktig årsak til konklusjonen til stasvitaren, er at vegen som mange skisserer ut av klimaproblema kan vera øydeleggjande for demokratiet, eller folkestyret – slik vi kjenner det.
Dette er hovudbodskapen i ei bok som den utvandra naustedølen gav ut like før påske med tittelen «Klimatrusselen – krise for demokratiet?». Forfattaren tykkjer det er for lite fokus på dei politiske konsekvensane som kan komme på grunn av handteringa av klimakrisa.
– Fleire og fleire meiner at demokratiet ikkje vil fungere for å løyse klimaproblema. Men kva vil vera alternativet? Når vi stiller det spørsmålet, finst det ikkje gode svar, seier Jon Naustdalslid om boka som må karakteriserast som ein brannfakkel inn i klimadebatten. Og det ikkje berre fordi omslagsbiletet på boka er Fridomsgudinna i New York på veg ned i havet med ein fakkel, som frå ein oljebrønn – høgt heva over hovudet.
Utenkjeleg
– Det er etter mitt skjønn heilt utenkjeleg å få folk verda over til frivillig å akseptere den nedgangen i levestandard som må til, måten å leva liva sine på, eller den avvisinga av sjansen til ein betre levestandard, som det økodiktaturet vi anar konturane av må medføre, seier den snart 77 år gamle statsvitaren.
Jon Naustdalslid
Jon Naustdalslid, no busett i Skåne Sverige, har bakgrunn som amanuensis ved distriktshøgskulen i Sogndal, frå tre år som rådgjevar for NORAD i Tanzania på 1980-talet og frå 1988 og fram til han gjekk av med pensjon, fsom forskingssjef og dinest instituttsjef for Norsk institutt for by og regionforsking – NIBR i Oslo.

Han åtvarar sterkt mot det mange no gjer, nemleg å plassere klimaspørsmålet over alle andre spørsmål – noko som må handterast heilt for seg sjølv. Det er nemleg ikkje vårt parlamentariske demokrati skrudd saman for å handtere, det skal tvert om handtere fleire ulike utfordringar og spørsmål på ein gong.
Den avgjerande bodskapen i Naustdalslids bok er at vi bør konsentrere oss om kva vi kan gjera, ikkje det vi må. Her kjem koplinga mellom Lenin og Greta Thunberg med Ottar Brox rett inn i biletet, vi kjem attende til det.
Alvorleg utfordring
– For å gjera det tindrande klart – eg er fullstendig klar over at vi har ei svært alvorleg klimautfordring. Eg veit sjølvsagt også at ho for ein stor del er menneskeskapt. Men det er altså snakk om eit globalt problem. Og først når vi innser at dette er eit globalt problem, som vi ikkje kan handtere på same vis over alt, kjem vi eit steg vidare. Men framleis høyrer vi dette: løys klimaproblemet. Redd klima! Men vi kan ikkje redde klima. Klima er sett i bevegelse. Vi må rett og slett lære oss å leve med dette.
– Dei som vil løyse klimaproblemet, korleis ser du dei vil gå fram? Skal vi bli færre folk på kloden?
– Det er nokon som meiner det, men korleis skal det gå til? Det vi ser er at folketalsveksten har bremsa opp. No er vi kring 8 milliardar på kloden. Den gongen klima var det mange av klimaforkjemparane i dag meiner er det ideelle og vil vera berekraftig, var på 1800-talet. Då var det kring ein milliard menneske. Spørsmålet vi må stilla oss, er korleis vi eventuelt skal komma attende dit – er det i nærleiken å vera realistisk? spør Naustdalslid retorisk.
Eit paradoks
Han dreg fram det han i boka kallar utviklingsparadokset – som eit døme på kvifor han ikkje trur dette vil vera råd å få til.
– Dette handlar om at vi må redusere den økonomiske veksten, og helst reversere den – for å redde klima. Men så ser vi at det i den 3. verda nettopp er den økonomiske veksten som ligg bak og forklarar at folketalsveksten har bremsa opp dei siste åra. Den økonomiske veksten som har gitt fattige familiar høve til å sende dottera på skulen i staden for å gifte ho bort, til dømes.
– Så kom pandemien, og Verdsbanken vurderer konsekvensane til å vere at den har sendt kring 150 millionar menneskje attende i ekstrem fattigdom. Med andre ord, når den økonomiske veksten i den 3. verda stoppar opp, snur også den positive utviklinga. Dette er eit enormt paradoks, seier Naustdalslid som også nektar å tru at folk i den vestlege verda, heilt frivillig, vil gje slepp på den levestandarden dei har i dag.
Åtvarar mot fantastar
Samstundes må vi altså lære oss å leve med eller handtere den klimakrisa vi ser. Det verkeleg store spørsmålet blir dermed om demokratiet kan handtere dette? spør Naustdalslid som eigentleg åtvarar mot ei framtid der det er fantastane som får setje dagsorden for kva som er ein fornuftig klimapolitikk.
– Kva fantastar tenkjer du på?
– Eg vil helst ikkje nemne namn, men det gjeld først og fremst deler av miljørørsla. Etter mitt skjønn er denne rørsla for lite realitetsorientert når det gjeld korleis vi skal handtere eit så komplisert og samansett problem som klimakrisa faktisk er. Etter mitt skjønn ligg mykje av skulda for dette i det internasjonale regimet som har lege fast sidan Kyoto-avtalen i 1997, der ein skulle fordele klimakutta på det enkelte land. Eg kallar dette for det største målstyringsprosjektet verda har sett, der ein først set opp korleis ein skal få ned utsleppa og så fordelte det på kvart enkelt land. Problemet er berre at dette aldri har fungert og heller aldri kjem til å fungere. Likevel så held dei på, seier Naustdalslid med eit sukk.
Han meiner at tida for å spørje seg om ein burde ha valt ein annan metode for lengst er forbi og ser bort frå samanlikninga med måten ozonlaget vart handtert på. Då var det snakk om berre 7–8 verksemder verda over som produserte dette giftstoffet, slik er det ikkje med CO2, som det er for mykje av.
Thunberg latterleggjer
Det er måten vi møter konsekvensane av for mykje utslepp som kan utfordre det demokratiet vi kjenner, meiner Naustdalslid. Når vi spør om han meiner at måten den unge miljøaktivisten Greta Thunberg oppfører seg på, kan trigge antidemokratiske krefter, så svarar han slik:
– Som gammal mann skal eg vera varsam med å kritisere Greta Thunberg, men det er eit faktum at ho latterleggjer politikarane, ho gjer jo det. Utan å vere klare på kven som skal ordne opp, når ho ikkje trur dei folkevalde kan gjere det, er ho klar på at noko må gjerast og det no! Men av kven? Det er her eg samanliknar henne med Lenin, hans pamflett frå 1902 «Kva må gjerast» med Ottar Brox si bok frå 2009 – «Klimakrisen – hva kan vi gjøre?» Etter mitt skjønn er det av alle grunnar viktigast å stille oss det spørsmålet – kva kan vi gjere – i staden for kva vi må. Vi veit korleis det gjekk med Lenin, seier Jon Naustdalslid som mest av alt vonar at boka kan vere eit bidrag til å utvide debatten om klimakrisa.
Og berre så det er sagt – det er inga dommedagsbok, dette. 77-åringen trur det er råd å finne vegen ut av uføret, men då må vi få til ei grøn omstilling, satse meir på kjernekraft, og vi må finne betre måtar å lagre den fornyelege energien vi produserer på.
– Vi må lære oss å leve med eit klima som vi ikkje kan føresjå, seier Jon Naustdalslid.
Publisert: 24.04.2022 15:10
Sist oppdatert: 24.04.2022 00:18