Stad skipstunnel innside med folk illustrasjon Kystverket Snohetta Plomp
IKKJE I BUDSJETTET: Stad skipstunnel er ikkje med i statsbudsjettet som regjeringa legg fram onsdag. Illustrasjon: Kystverket/Snøhetta/Plomp
Kort fortalt

Vil at Kystverket får sluttføre forhandlingane

Senterpartiet, Krf og Venstre tek opp skipstunnelen i Stortinget.

Marius Rosbach
13.10.2025

Senterpartiet, KrF og Venstre vil kome med eit forslag i Stortinget der dei ber regjeringa sikre at kystverket fullfører forhandlingane med entreprenørane som har meldt interesse for å bygge Stad skipstunnel. Det opplyser partia i ei pressemelding.

Som kjent vil regjeringa ikkje legge inn pengar for å starte bygginga av samferdselsprosjektet i neste års statsbudsjett – fordi dei meiner det blir for dyrt. 

Senterpartiet, Krf og Venstre meiner det verkar useriøst å avslutte arbeidet utan at det er gjennomført forhandlingar om prisen. 

– Det gjev inga meining å kortslutte dette arbeidet no. Rundane om kostnadsreduserande tiltak er ikkje fullført og Stortinget veit ikkje endeleg pris på prosjektet. Derfor er det viktig at denne jobben blir ferdiggjort, uttaler Erling Sande (Sp). 

Ifølgje statsminister Jonas Gahr Støre er prisen kome opp i 9,4 milliardar kroner. 

Stortinget har tidlegare vedteke at om prisen på skipstunnelen var høgare enn ramma som var sett av, så måtte prosjektet tilbake til Stortinget for ny behandling. 

Publisert: 13.10.2025 13:30

Sist oppdatert: 13.10.2025 13:30

Mer om