Brunvoll CTV LD Tide Design by Mauric 2 IMAGE MER
KONTRAKT: Brunvoll skal blant anna levere framdriftssystem til to fartøy som skal frakte mannskap til vindparken Saint-Nazaire. Skisse: Brunvoll
Nytt

Fransk havvindkontrakt for Brunvoll

Skal levere framdriftssystem til to mannskapsbåtar.

31.05.2021

Brunvoll har inngått kontrakt med det franske verftet Ocea SA, for levering av hybrid framdriftssystem til to CTV (Crew Transfer Vessel) bestilt av Louis Dreyfus Armateurs i samarbeid med Tidal Transit.

Det opplyser Brunvoll i ei pressemelding.

Fartøya skal operere på Saint-Nazaire havvindpark, den aller første i Frankrike.

Første leveransen fra Brunvoll si bedrift i Telemark vil finne stad i 4. kvartal 2021.

Batteripakke
Brunvoll opplyser at leveransen er ein kompakt systemleveranse med batteripakke og elektriske motorar for framdrift med hotellast.

Systemleveransen består av styringssystem, EMS, DC-tavler, frekvensomformarar, elektriske motorar og batteripakke. I kontrakten inngår også ein leveranse av Triton CPP framdriftsstyring for eit tredje fartøy som er eit hybridklargjort dieselmekanisk fartøy for transport av mannskap.

- Brunvoll er stolte over å vinne denne kontrakten med hybrid framdriftssystem og systemintegrasjon for det første crew transfer vessel for den franske havvindparken, seier Bjørn Svendsen, VP Sales & Marketing i Brunvoll, i pressemeldinga.

Publisert: 31.05.2021 16:12

Sist oppdatert: 31.05.2021 16:25

Mer om