Brunnvoll Volda arkivfoto Ogne
FÆRRE NYBYGG: Brunvoll Volda lagar gir og propellar til skip. Arkivfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Brunvoll Volda med raude tal

Salet av gir og propellar til nybygg langt lavare enn normalt.

12.05.2023

Brunvoll Volda tapte pengar på drifta i fjor. Resultatet før skatt enda på minus 2,5 millionar kroner. Sist selskapet hadde minustal var i 2013.

Styret skriv i årsrapporten at det var langt mindre sal til nybygg enn normalt. Ettermarknaden var også dårlegare enn forventa. Ordrereserven er også lavare enn siste åra, men styret har god tru at det skal betre seg gjennom året.

(saka held fram etter tabellen)

Brunvoll Volda
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 237,3 299,8
Driftsresultat -2,5 8,3
Resultat før skatt -2,5 8,2

Veks utanfor Norge og EU
Nysalet i 2022 var på 81,6 millionar kroner, mot 132,9 millionar året før.

Det var spesielt salet til Norge og EU som svikta.

Til Norge var salsinntektene på 82,5 millionar kroner, mot 129,6 millionar i 2021.

Salet til EU var på 50,4 milllionar kroner, mot 131,1 millionar i 2021.

Derimot hadde ein god auke i salet utanfor Norge og EU, med totalt 104,5 millionar kroner, mot 39,6 millionar i 2021.

Brunvoll Volda hadde ved årsskiftet 126 faste årsverk, derav 15 kvinner.

I tillegg hadde selskapet seks lærlingar.

Selskapet er dermed av dei største avbeidsplassane i Volda kommune.

Selskapet er 100 prosent eigd av Brunvoll-konsernet i Molde, som hadde ei omsetning på 1139 millionar kroner i fjor, og eit resultat før skatt på 90 millionar.

Brunvoll har opplyst at ein satsar meir på produktutvikling enn nokon gong, og forventar god vekst i år.

Publisert: 12.05.2023 08:38

Sist oppdatert: 12.05.2023 08:36

Mer om