2023 04 24 Pressefoto KHT
SKIFTAR JOBB: Kristin Hide Truelsen går frå Brunvoll til Myklebust Verft. Foto: Myklebust Verft
Nytt

Ny Myklebust-sjef

Starta som sveisar. No skal Kristin Hide Truelsen leie Myklebust Verft.

24.04.2023

Truelsen kjem til Myklebust Verft frå jobben som leiar for Brunvoll Volda og byrjar i august i år.

- Kristin kjem til Myklebust med brei erfaring innan maritim næring, og har arbeidd med prosjekt både nasjonalt og internasjonalt. I tillegg til ei mastergrad i teknologiledelse, samt sitt virke i Brunvoll Volda, har Kristin lang leiarerfaring bak seg. Inkludert er 15 års «fartstid» frå ABB avdeling Ulsteinvik, der ho seinast var tilsett som Head of Project Management, seier styreleiar Per-Christian Kroepelien Lillebø i ei pressemelding.

Ifølgje pressemeldinga starta Truelsen si karriere i maritim industri som sveisar ved Ulstein Verft. Ho har tidelegare også arbeidd hos Myklebust Verft, som produksjonplanleggar.

- Eg ser verkeleg fram til å kome på plass. Myklebust har ein god posisjon i marknaden innanfor både nybyggingsaktivitet, ombyggingar og vedlikehald. Myklebust har ein svært erfaren og kompetent organisasjon, og det blir ei glede å få leie ei virksomheit, og eit lag, som er blant verdens beste skipsbyggjarar, seier Truelsen i pressemeldinga.

Konstituert dagleg leiar Leiv Sindre Muren går tilbake til si stilling som økonomi- og finanssjef når Truelsen er på plass.

Publisert: 24.04.2023 14:14

Sist oppdatert: 24.04.2023 14:45

Mer om