The Fjords har bestilt sitt fjerde fartøy av det prisvinnande Seasight-designet frå skipsverftet Brødrene Aa i Nordfjord.
Dei tidlegare båtane frå Hyen-verftet har vekt stor merksemd og det nye fartøyet skal leverast til sommarsesongen 2026.
Fartøyet skal trafikkere Nærøyfjorden saman med søsterfartøya Future of The Fjords og Legacy of The Fjords, ifølgje ei pressemelding torsdag.

Utandørs «gangvegar»
Nett No har tidlegare omtala korleis båtbyggjeriet i Hyen forsøkte å nullstille seg i designarbeidet.
Krava dei sette opp i starten var at turistbåtane skulle vere oppsiktsvekkande, ha god design, god komfort – også skulle dei løfte sightseeing-opplevinga.
Universell utforming var førande i arbeidet med finne ut korleis båten kunne sjå ut.
Båtane har form av ein slags spiral, der passasjerane kan bevege seg oppover i fartøyet på «gangvegar» utandørs. På toppdekket er det 360 graders utsikt.
Pluss etter tøffe år
Verftskonsernet i Nordfjord har dei siste åra har vekse på å bygge hurtiggåande båtar i karbonfiber.
Etter fleire tøffe år leverte Brødrene Aa overskot i 2023, og kunne fortelje om ei solid ordrebok.
Tala for 2024 er ikkje offentlege enno.
Heleigd av Oslo-selskap
The Fjords er no heileigd av reiselivskonsernet Norway’s best Group, etter at dei i fjor kjøpte Havila sin halvpart av selskapet.
Selskapet har aktivitet i Geiranger og Oslo, i tillegg til Nærøyfjorden.
Les også
Publisert: 27.03.2025 11:06
Sist oppdatert: 27.03.2025 11:32