Broennbaatar til Fiskerstrand
GLAD: Administrerande direktør Rolf Fiskerstrand på Fiskerstrand Verft på Sula meiner brønnbåtkontrakten til knappe 600 millionar kroner sikrar verftet sin posisjon som eit kombinert nybygging- og reparasjonsverft.
Nytt

Brønnbåtar til Fiskerstrand

Fiskerstrand Verft har vunne to brønnbåtkontraktar, på knappe 600 millionar kroner. 

19.06.2015
- Der satt han endeleg. Det har vore ein litt kronglete veg, men i går var det stor glede og tilfredsheit, seier administrerande direktør Rolf Fiskarstrand ved Fiskerstrand Verft.
Verftet skal bygge to brønnbåtar for Frøy Rederi, som skal frakte fisk for oppdrettselskapet Marine Harvest. Frøy Rederi held til på Frøya og har Helge Gåsø som største eigar.

Viktig bransje

I fjor levert Fiskerstrand Verft to fôrbåtar til oppdrettsnæringa, og Fiskestrand er glad verftet kaprar ei ny nybyggingskontrakt til i same bransjen.
- Det var utruleg å kunne vinne ei så stor kontrakt i det som vi ser som ei stor framtidsnæring - havbruk, seier Fiskerstrand.
Fiskerstrand Verft driv både med nybygg og reparasjonar, men i første halvår såg det lenge tungt ut for nybyggingsverksemda. Difor er brønnbåtane ekstra kjærkomne.
- Dette er ei stadfesting for oss på at vi kan halde fram som kombinasjonsverft, seier Fiskestrand.

600 millionar

Kontraktane på dei to brønnbåtane er på "knapt 600 milionar kroner" i følgje Fiskerstrand.
Skroga skal byggast ved Selah Shipyard i Tyrkia. Fiskarstrand seier dei har gjort litt forarbeid før kontraktane var i hamn, slik at skrogbygginga kan starte alt juli.
Båtane er 84,5 meter lange og 16 breie, med lugarplass til 14 personer. Dei får ein lastekapasitet på 3500 kubikkmeter og er teikna av Møre Maritime i Kristiansund. Det første fartye skal leverast på slutten av 2016, det neste tidleg i 2017.

Bråstopp i vinter

Tidlegare i år har Fiskerstrand Verft permittert deler av arbeidsstokken etter at reparasjons- og vedlikehaldsmarknaden tørka inn tidleg i vinter.
- Eg har aldri sett maken til kollaps, sa Rolf Fiskerstrand til NETT NO 12. juni i år.

Men utover våren snudde det, og no har verftet godt med arbeid. Fiskerstrand Verft har 160 eigne tilsette.
Der satt han endeleg

Publisert: 19.06.2015 13:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:44