Artec aqua innfelt ingegjerd eidsvik foto artec aqua marius 11
OPPBEMANNAR: Artec Aqua-sjef Ingegjerd Eidsvik (innfelt) tilset fleire folk for å handtere veksten selskapet ser for seg. Foto: Artec Aqua/Marius Rosbach
Nytt

Bur seg på kraftig vekst

Om få år vil marknaden Artec Aqua konkurrerer i, vere fire gangar større enn i dag - og kan omfatte landbaserte anlegg på Sunnmøre til 15-20 milliardar.

21.05.2021

Årleg blir det investert rundt fem milliardar kroner i oppdrettsanlegg på land, frå smoltanlegg til anlegg der fisken lever heilt fram til slakting.

I 2027/2028 vil denne marknaden vere på rundt 20 milliardar kroner årleg, sa Artec Aqua-sjef Ingegjerd Eidesvik på resultatpresentasjonen til Endúr i dag.

Sjå presentasjonen på webcast her

Artec Aqua i Ålesund har spesialiserte seg på å utvikle, prosjektere og gjennomføre bygging av landbaserte oppdrettsanlegg, og har tilsett fleire folk i fjor og i år for å kunne handtere veksten selskapet ser for seg.

Artec Aqua blei kjøpt av børsnoterte Endúr tidlegare i år, i ein transaksjon der grunnleggarane av Artec Aqua blei største aksjonærar i Endúr.

15-20 milliardar
Første byggetrinn av det landbaserte oppdrettsanlegget Salmon Evolution har under bygging i Indre Harøy i Romsdal er den største kontrakten Salmon Evolution har inngått så langt. Den er på 1,3 milliardar kroner, og kan bli større om selskapet også får jobben med byggetrinn to og tre.

Salmon Evolution er ikkje åleine. Det er identifisert omlag 80 prosjekt for landbasert oppdrett på verdsbasis. Nokre har kome langt i planlegginga, andre er i ein tidleg fase, sa Eidsvik i presentasjonen.

Det største prosjektet Artec Aqua jobbar med er ein forstudie til eit anlegg som World Heritage Salmon planlegge i Raudbergvika ved Storfjorden, i Fjord kommune. Roger Hofseth er primus motor og eigar. Han vil bygge eit landbasert oppdrettsanlegg i fjellet i den tidlegare olivingruva, med ein årleg produksjon på 100.000 tonn laks, over tre gangar større produksjon enn Salmon Evolution der alle byggtrinna er utbygd.

Blir det Raudbergvika-anlegget utbygd er det snakk om eit potensielt oppdrag på 15-20 milliardar kroner for Artec Aqua fordelt over fleire år og fleire byggetrinn, anslo Eidsvik.

Mellomfase
Artec Aqua gjorde seg fedig med to større prosjekt i 1. kvartal og er i starten av to nye. Det er årsaka til fall i driftsinntekter og driftsresultat i 1. kvartal ( sjå tabell) i forretningsområdet Aquaculture Solutions i Endur, samanlikna med 1. kvartal.

Endúr hadde ein orderreserve på 2,5 milliardar kroner ved utløpet av 1. kvartal, og 1,5 milliardar av dette skriv seg frå Artec Aqua.

Artec Aqua er det største selskapet i forretningsområdet Aquaculture Solutions. Selskapet utgjer også ein stor del av heile konsernet. Kombinert med god lønsemd gjorde det at dei tre grunnleggarane av Artec Aqua, Bjørn Finnøy, Victor Fiveland og Bjørnar Flem, blei største eigarar i Endur som ein del av transaksjonen då Endur kjøpte Artec Aqua tidlegare i år.

Artec Aqua vart formelt ein del av Endur-konsernet i mars i år.


Endúr ASA

1. kvartal. I mill. kroner20212020
Driftsinntekter252,2109,5
Driftsresultat-33,6-0,2
Resultat-52,8-1,6
Forretningsområdet Acuaculture Solutions
Forretningsområdet omfattar m.a. Artec Aqua

Proforma tal, der Artec Aqua-tala er rekna inn

Artec Aqua er det største selskapet i forretningsområdet
1. kvartal. I mill. kroner20212020
Driftsinntekter177,1196,7
Driftsresultat0,518,2

Publisert: 21.05.2021 09:09

Sist oppdatert: 21.05.2021 11:59

Mer om