Ingegjerd Eidsvik Artec Aqua foto Ogne
VEKST: Artec Aqua-sjef Ingegjerd Eidsvik lyste ut ti nye stillingar i selskapet like før årsskiftet.
Nytt

Rekordår for Artec Aqua

Artec Aqua fekk eit rekordår i fjor, og året blei eitt av dei mest lønsame selskapet har hatt.

26.02.2021

Driftsinntektene auka med nesten 70 prosent frå 2019 til 2020, til 637 millionar kroner.

Det er godt over førre rekord, på 453 millionar kroner i 2018. Lønsemda auka og. Berre i 2016 har selskapet hatt relativt bedre lønsemd enn i fjor. (sjå tabell under)

Artec Aqua i Ålesund utviklar, planlegg og styrer bygging av landbaserte oppdrettsanlegg. Selskapet har mellom anna oppdraget med å bygge oppdrettsselskapet Salmon Evolution sitt landbaserte oppdrettsanlegg ved Bud i Romsdal, eit anlegg til fleire milliardar kroner.

Reknskapstala til Artec Aqua kjem fram i kvartalsrapporten til børsnoterte Endúr, som kjøpte Artec Aqua tidlegare i år, ein handel som gjorde Artec Aqua-grunnleggarane til største eigarar i Endúr-konsernet gjennom sitt selskap Artec Holding.

Les børsmelding her

Artikkelen blir oppdatert

Artec Aqua as

Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekter637378
Driftsresultat6223
Resultat før skatt6122
Endúr ASA*
Tal i mill. kroner2020
Driftsinntekter

1825

Driftsresultat139

Resultat før skatt

114

*Proforma-tal som viser korleis reknskapen ville sett ut om mellom andre Artec Aqua hadde vore ein del av Endur i 2020.

Størst i Endur

Artec Aqua blei skipa i 2002 av Bjørn Finnøy, Bjørnar Flem og Victor Fiveland. Gjennom eigne investeringselskaper eig dei ein tredjepart av aksjane i Artec Holding, som eigde Artec Aqua.

Dei får til saman 345 millionar kroner i kontantvederlag og 345 millioner kroner i Endúr-aksjer, til kurs NOK 1,1861 pr aksje.

Etter handelen er Artec Holding blitt største aksjonærar i Endúr med 26,1 prosent av aksjane.

Salet av Artec Aqua til Endúr blei offentlegjort i januar i år. Sjølve transaksjonane skal skje i mars.

Fleire folk
Kontrakten med Salmon Evolution er det største oppdraget Artec Aqua har hatt.

Auka oppdragsmengde betyr også fleire jobbar.

Før jul 2020 lyste selskapet ut ti nye stillingar, og jakta på folk med kompetanse innan prosjektleiing, totalentreprise, automasjon, ingeniørfag og innkjøp.

Med desse på plass vil arbeidsstokken telle 48 tilsette.

Publisert: 26.02.2021 07:38

Sist oppdatert: 21.05.2021 08:33

Mer om